Hopp til innhold

Difor feirar vi jonsok

Natt til torsdag er det jonsok, men kvifor feirar vi denne kvelden? Og kvifor i alle dagar brenn vi bål når det er jonsok?

Jonsok ved Løytnansbryggja

Jonsok ved Løytnansbryggja i Lærdal i fjor.

Foto: Anne Karin Skjær Brugrand

Ifølgje ei myte er dette ei magisk natt der heksene flyr til Bloksberg og har du dei rette evnene kan du få greie på veldig mykje denne natta. Torer du verkeleg å vere ute natt til torsdag?

At jonsok er ei magisk natt er som sagt berre ei myte. På jonsok-kvelden blir det tent fleire store og små bål, og enkelte tar med seg båten og grillar pølser i fjøresteinane denne natta. Men kvifor feirer vi kvar natt til 24. juni?

Bål, grilling og båtkos

I nyare tid er jonsokfeiringa mest forbunde med bål, grilling av pølser i fjære, båtkos, sola som snur og ikkje minst den sosiale samkoma.

Men feiringa har ei historie langt tilbake i tid, og då var tradisjonane langt frå slik som dei er i dag.

Jonsokfeiringa, også kalt Jonsmesse, Jons vake eller Jonsok, har sitt opphav både i den kristne og i den folkelege tradisjonen. Jonsok er ei markering av døyparen Johannes fødsel og ei fering av sommarsolsverv.

Ein stor festdag

Kyrkja har lagt markeringa for for døyparen Johannes nøyaktig eit halvt år før Jesu fødsel. I eldre dagar var sankthans ein stor festdag, og feiringa kunne kun måle seg med julefeiringa.

Men kvifor brenn vi bål denne natta?

Bålbrenning har ein sentral plass i feiringa fordi man trudde at ilden hadde ein reinsande og vernande kraft. Difor vert det brent bål rundt om i heile landet.

Elden skulle verne mot vonde makter. Bålet skulle vere så stort som mogeleg, og etter at bålet var brann ned var det vanleg å hoppe gjennom det for å verne seg mot sjukdom og ulykke.