Hopp til innhold

Difor er meisterskapen alfa og omega

For dei fire utøvarane frå Tambarskjelvar er junior-EM og U23-EM i Litauen svært viktig med tanke på det som skal skje på heimebane om eit halvt år.

Tore Gjøringbø

NØGD: Trenar Gunnar Reiakvam er nøgd med niandeplassen til Tore Gjøringbø i junior-EM. Også Jantsen Øverås, Marit Årdalsbakke og Sindre Rørstadbotnen deltek i meisterskapen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Dette er eit viktig stemne fram mot EM. Det er alfa og omega, seier Gunnar Reiakvam.

Han er trenar for kvartetten frå Tambarskjelvar, som denne veka deltek i junior-EM og U23-EM i Litauen. Han siktar til at Førde og Naustdal om berre eit halvt år skal arrangere senior-EM i Førdehuset.

Håpet er å få med alle fire løftarane også der.

– Det er viktig at dei no får sjå kva det dreier seg om. Dette er lærerikt for alle og ein kvar. Og så er det inspirerande å sjå at dei ikkje er så forferdeleg langt bak dei beste, seier Reiakvam.

Sette nye rekordar under meisterskapen

Jantsen Øverås var førstemann i elden, då han tidleg i meisterskapen sette ny norsk rekord med 117 kilo i rykk i 69-kilosklassen. I støt vart han ståande med 140 kilo.

– Han var i kjempeform, og eg meiner han burde ha løfta endå meir. Men slik er det, seier Reiakvam.

Torsdag føremiddag løfta Tore Gjøringbø seg til ein niandeplass samanlagt i 94-kilosklassen. Naustedølen tok 131 kilo i rykk og 164 kilo i støt. Det enda med 295 kilo og ny personleg rekord samanlagt.

– Eit godt gjennomført stemne, med fire godkjende løft, seier Reiakvam.

Kan få med ein fyldig tropp på heimebane

Marit Årdalsbakke skal i aksjon torsdag kveld, før Sindre Rørstadbotnen avsluttar meisterskapen i 105-kilosklassen fredag kveld.

– Vi må seie oss godt nøgde med å ha med fire løftarar her. Eg har jo håp om at dei også blir med på EM i Førde. Det er mogleg om alt klaffar, seier trenaren.

Han viser til at også Sandra Trædal og Ine Andersson er aktuelle deltakarar under senior-EM. I så fall vil Tambarskjelvar kunne stille med ein svært fyldig tropp i sin eigen meisterskap.