Hopp til innhold

Difor ser du så mange med bart

I desse dagar heiter det seg at nesten halvparten av mennene i Nordfjord er i ferd med å spare til bart. Ok, så er det kanskje ikkje fullt så mange, men uvanleg mange er det iallfall.

– Det er fleire hundre menn i Nordfjord som sparar til bart no, seier general for Oktoberfest i Stryn, Torstein Breivik til NRK.no.

For nettopp denne Oktoberfesten gjer at mannfolk som aller helst vil vere så glattbarberte som mogleg gjer det stikk motsette. No er det nemleg om å gjere å ha den finaste barten den siste helga i september.

– Omtrent halve Nordfjord trur eg sparar no, seier Kåre Konsul Tonning litt spøkjefullt. Han er også med på å arrangere Oktoberfest.

– Alle tyskarar har bart

Kort fortalt er Oktoberfest ein stor fest etter tysk mal, med øl og tysk mat. På menyen står halvmeter lange pølser, og dette skal helst stappast i herremunnar med hår på overleppa når festen går av stabelen i Stryn siste helga i september.

Karane som står bak festivalen vart inspirerte då dei reiste til Tyskland på Oktoberfest i München for nokre år tilbake.

– Stryn Ping Pong Club reiste til München for fem år sidan på Oktoberfest, og då synst vi dette var så morosamt at vi ville lage vår eigen oktoberfest.

– Ein av tankane våre om tyskarane er at alle tyskarar har bart, så difor tenkte vi at alle må ha bart viss vi skal ha ein slik fest, og slik blei det, seier festgeneral Breivik til NRK.no.

Og som han seier, akkurat slik har det blitt. Når festivalen går av stabelen siste helga i september er det nesten ein skam å komme utan bart om ein er herremann. Dette tek mannfolka på alvor og rundt om kring i landet veks det no fram uvanleg mange bartar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Even Flo, Jan Roar Lien og Hans Olav Bøe sparar til bart

BART: Even Flo, Jan Roar Lien og Hans Olav Bøe sparar til bart i desse dagar.

Til og med dei med fjon køyrer på

Til og med dei som nesten ikkje har anlegg for bart gjer sitt beste, seier Kåre Konsul Tonning i arrangørgjengen.

– Det er mange bartar å sjå i usedvanleg flotte og kreative løysingar. Alt er jo lov, seier han og legg til:

– Vi ser 18-åringar som knapt nok har fått fjon som køyrer på, flirer han.

Den første Oktoberfesten i Stryn vart arrangert hausten 2008 og sidan har arrangementet vakse seg så stort at arrangørane no har sett opp eit sirkustelt for å få plass til alle.

I sirkusteltet i Stryn blir det fullt av menn i lærbukser med kledeleg bart, og damer i bondepikedrakt. Her blir det ompamusikk, aktivitetar, parade i gata og mykje meir.

Det er sjølvsagt også kåring av beste bart og Frøken oktoberjente, og det er mange som vil vere med i den konkurransen. Blant herrane er det mange som er i ferd med å få inn stilen.

– I Stryn er det alvorleg mange bartar å sjå no, ler Tonning.