NRK Meny
Normal

Difor er dei største verksemdene i fylket så ulikt fordelt

Av dei 100 verksemdene i fylket med størst resultat i fjor, ligg berre 24 i Sogn. Til samanlikning har Flora aleine 18 selskap. – Ulik struktur er ein av årsakene, seier næringssjef.

Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Dennison NTP i Gaupne.

VIL HA SAMARBEID: Sogneverksemder kan bli betre på samarbeid, meiner Tom Dyrdal i Avery Dennison NTP i Gaupne.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Dei 100 verksemdene som oppnådde størst økonomisk resultat i fjor, er ulikt fordelt i fylket.

37 selskap ligg i Nordfjord, 39 ligg i Sunnfjord og 24 ligg i Sogn.

Ein av dei største i Sogn er Avery Dennison NTP i Gaupne. Tom Dyrdal i selskapet seier han lenge har sett at det private næringslivet i Sogn er litt svakare enn i dei to andre delane av fylket.

– Vi har eit spennande næringsliv i Sogn, men likevel er det interessant at det er så pass så stor skilnad, seier Dyrdal.

Færre i privat tenesteyting

Men kvifor er lista skeiv? Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, peikar på at regionane har ulike utgangspunkt. Nordfjord og Sunnfjord har til dømes mange verksemder som leverer til ein sterk innlandsmarknad.

Avery Dennison NTP

Avery Dennison i Gaupne er ein av 24 verksemder i Sogn som kjem inn på Topp 100-lista over verksemder med størst resultat i 2016.

Foto: Eirik Hildal / NRK

– Indre Sogn har tradisjonelt eit anna utgangspunkt enn kva mangesysleriet i Nordfjord og Sunnfjord har. Ein skal ikkje seie at dette er negativt. Men det er nokre tendensar vi skal vere merksame på.

– Kva er desse tendensane?

– Talet på sysselsette i privat tenesteyting er litt færre i sognekommunane utanom Sogndal. Og det er slike arbeidsplassar vi ser etter i desse tider, seier Heggheim, som meiner at bankane og Innovasjon Norge bør vere merksame på dette.

Jan Heggheim
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Hydro ei sovepute

Direktør Egon Moen i Indre Sogn Sparebank tykkjer det er eit bra gründermiljø i Sogn.

– I Sogndal er det skapt mykje. Og vi ser kva som har skjedd i Flåm. Og mellom anna har vi Norsun i Årdal, seier han.

Men han seier det kan vere uheldig å lene seg på store verksemder som Hydro og Norsun.

– Det kan fort bli ei sovepute, slik at vi ikkje får opp dei lokale verksemdene, seier Moen.

Selskap frå Sogn som er inne på Topp 100-lista er i tillegg til Avery Dennison NTP, verksemder som Osland Havbruk, Highsoft AS og Linn Bad.

Tom Dyrdal i Avery Dennison NTP meiner samarbeid er løysinga for å få fleire sogneselskap på topplista.

– Samarbeidet går ofte nokre månadar, så dett det litt ifrå kvarandre. Vi har ikkje heilt funne suksessoppskrifta på samarbeid enno, seier Dyrdal.

– Vi må jobbe vidare

Petter Sortland, ordførar i Høyanger

RAMMEVILKÅR: Leiar Petter Sortland i Sogn Regionråd.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Sogn Regionråd har som mål å vidareutvikle rammevilkåra for næringslivet.

At Sogn berre har 24 selskap på topp 100-lista over dei største verksemdene i fylket, viser at regionen har noko å jobbe med, meiner Petter Sortland, leiar i rådet.

– Vi har heilt klart mykje å lære av kollegaene våre i andre delar av fylket. I Sogn lyt me halde oppe trykket på entreprenørskap, dyrke fram gründerane og få dei til å føle seg velkomne, seier Sortland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.