Kommentar av Arve Uglum
Even Hovland er kanskje den raskaste, sterkaste, mest ballsikre og fotballkloke midtstopparen i norsk fotball per juli 2011, men det er ikkje berre difor Sogndal bør halda fram med å fnysa av av dei stadige friartokta frå Romsdal.
Om dei vil vita kvifor han er verdt så mykje, mykje meir, må dei sjå på korleis han taklar maset deira.
For det først då ein ser kva for ein eksepsjonell fotballspelar 22-åringen frå Vadheim er.
Tviheld på prisen - uansett
Det Molde openbart gjer er ein avart av det engelsmenn kallar «tapping up». Altså å stadig uttrykka interesse for ein spelar i ein mindre klubb med mål om at denne spelaren til slutt skal bli så smigra og frista at han krev å bli seld.
Dei gjer det på ein litt ryddigare måte, ved å leggje inn det same bodet gong etter gong. 2,5 til tre millionar kroner blir det sagt. Medan Hovland storspelar og blir meir og meir verdt, tviheld Molde på same prisen.
- LES OGSÅ:
For dersom ein spelar dundrar inn på kontoret til klubbdirektøren og krev å få gå - og gjerne uttrykker det same gjennom media, så blir han seld.
Det veit Molde, det veit Sogndal og det veit Even Hovland.
Har eit hovud av eit anna kaliber
Molde går altså og ventar på augneblinken der Hovland sitt unge hovud skal bli så proppfullt av tankar om Solskjær, at han ikkje orkar å vera i Sogndal lenger. Dei ventar på at han skal begynne å vise frustrasjon på bana, vere ukonsentrert i spelet og bli eit problem for spelargruppa i Sogndal.
Dessverre for Solskjær ser Hovland sitt unge hovud ut til å vera av eit anna kaliber. Heldigvis for Solskjær følgjer dette hovudet med på kjøpet dersom han legg nokre fleire Røkke-millionar på bordet.
Hovudet til ein vaksen og jordnær arbeidskar som møter på jobb kvar dag og gir alt, sjølv om han kanskje innerst inne skulle ønskja han hadde ein annan arbeidsgjevar.
– Er ein kar du kan lita på
For det er først når slike som Solskjær tek til å bli nærgåande at Even Hovland har vist sin viktigaste kvalitet. For det er klart Molde, med sin Solskjær, sitt Aker Stadion og sitt vakre offensive spel lokkar. Det lokkar meir enn same gamle Sogndal, Harald Aabrekk, alle mann bak ballen og kjemping for livet for å overleva. Alle forstår det, men når eg stiller Even Hovland dette spørsmålet pratar han det vekk i rutinerte, diplomatiske vendingar.
Det kjem ingen bøner om å bli sleppt vidare frå den kanten.
I staden gjer han sitt - ja, faktisk meir enn nokon andre i den nevnte kampen for å overleva. Med kapteinsbindet rundt armen og eldre lagkameratar sin udelte respekt står han fram helg etter helg og byr på heile seg for Sogndal sitt beste. Sjølv om han eigentleg helst vil vekk.
LES OGSÅ:
Dette, Ole Gunnar Solskjær, er det læremeistaren din i Manchester kallar ein "seasoned professional". Ein ekte proff. Ein kar du kan lita på.
Du var ein slik ein sjølv, og difor veit du at han er verdt langt meir enn 2,5 millionar kroner.