Hopp til innhold

– Eg tykkjer det vitnar om svak tru på norsk språk

SOGNDAL (NRK): Både Lerum og Orkla har engelske namn på produkt retta mot den norske marknaden. – Det vitnar om svak tru på norsk språk, meiner Språkrådet.

ZERoh!

ZERoh!: «Nullh!» på nynorsk?

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Familiebedrifta Lerum i Sogndal har brukt nynorsk som si målform i ei årrekke på saft- og syltetøyprodukta sine. I 2003 sa dåverande lerum-sjef Kåre Lerum at « Nynorsk er meir ekte ».

I 2015 fekk dei Storegut-prisen, som blir delt ut på Litteraturdagane i Vinje til nokon som på ein positiv måte brukar levande nynorsk. I 2017 fekk dei Sogndal mållag sin målpris.

Men då konsernet lanserte safta ZERoh! i 2013, var det med eit engelsk namn og med smakane på engelsk eller bokmål.

God blanding

– Ofte antek ein at engelsk skal vera kulare. Eg tykkjer det vitnar om svak tru på norsk språk. Norsk kan også vera kult, seier Nina Teigland, seksjonssjef i Språkrådet.

Også Orkla har på sine FUN Light-saftflasker ei blanding mellom norsk og engelsk. Smaken på safta er på norsk på nokre typar, og engelsk på andre.

– Den litt tilfeldige bruken av engelsk tykkjer eg ikkje styrkar produktet. Det er kanskje like mykje utsjånaden, flaskeforma og fargen som gjer at det er eit vellukka produkt, seier Teigland.

Skil ZERoh! frå Lerum

Lerum brukar ikkje den karakteristiske raude logoen på flaskene. Einaste spor av Lerum på etiketten er at det står med små bokstavar på baksida. Både det og språket er heilt bevisst, forklarar administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug.

– Me gjekk mange rundar med oss sjølv, og såg ganske raskt at me måtte skilja dei to merkevarene. Me bestemde oss for ZERoh!, nettopp for å beskytta Lerum-merkevara, som skal vera saft med ekte frukt og bær.

Trine Lerum Hjellhaug

LERUM-SJEF: Trine Lerum Hjellhaug, administrerande direktør i Lerum.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er to forskjellige produkt. I den tradisjonelle safta til Lerum er historia, tradisjonane og språket. Det nye skulle vera ei moderne utgåve av saft, med ei heilt anna brukargruppe.

– Så det er for å skilja Lerum-merkevara på så mange måtar som mogleg frå ZERoh! at de også brukar eit anna språk?

– Ja, det ligg til grunn. Eg forstår at folk lurer, og me gjekk mange rundar internt om dette. Men utan ZERoh! hadde me ikkje hatt dei økonomiske resultata me har i dag, seier Lerum Hjellhaug.

ZERoh!-saft

ENGELSK OG BOKMÅL: ZERoh!-safta er utan både Lerum-logo og nynorsk.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vil skapa spenning

Også Orkla har valt engelsk på sine FUN Light-produkt. Merkenamnet er engelsk, då det er eit produkt som blir seld til fleire land. På dei norske flaskene er det ei blanding av norsk og engelsk.

– Når det er reine smakar, som eple og pære, brukar me det reine, norske namnet. Så har me nokre eigne smaksvariantar der me ønskjer å skapa ei spenning rundt kva type smak det er. Då har me, i tråd med merkenamnet, valt å bruka engelske namn, som Red berry crush og Strawberry passion, seier Dag Olav Stokken, kommunikasjonsdirektør i Orkla.