Hopp til innhold

Difor aksepterer Stryvo gigantbot etter arbeidsuhell

Ein tilsett mista fingeren i eit arbeidsuhell i 2014. No har verksemda Stryvo i Stryn akseptert ei bot på 100.000 kroner for brot på Arbeidsmiljølova.

Stryvo i Stryn

GIGANTBOT: Uhellet der ein tilsett mista ein finger er det første uhellet med varig skade for Stryvo. – Vi burde fanga opp at tryggleiksinnretninga var kopla ut før uhellet skjedde, vedgår dagleg leiar Jostein Bøe.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er uakseptabelt og skal ikkje skje. Vi er berre glade for at det ikkje gjekk verre, men det var berre marginar om å gjere, seier dagleg leiar Jostein Bøe om uhellet.

Kopla ut sikring

Det var i oktober 2014 at ein tilsett vart fanga av spindelen då han gjekk inn maskinrommet til ei større maskin. Spindelen reiv av han kleda og ein ringfinger.

Under etterforskinga av uhellet vart det avdekka at ein tryggleiksinnretning var kopla ut.

– Det var gjort for å jobbe lettare med visse typar operasjonar, som vi nødvendigvis må ha på maskina. Det gjorde det også mogeleg for operatøren å gå inn i maskina medan spindelen var i rotasjon, fortel Bøe.

Trygg maskin

Maskina er stor, og vert nytta til fresing av metall. Med mange tryggleiksinnretningar reknar Bøe den som ein av dei tryggaste arbeidsplassane i verksemda.

– Maskina er styrt, og operatøren står i eit bur, men maskina har stort farepotensial om ein ikkje følgjer føreskriftene i instruksane, seier han.

– Korleis kan ein, i to hovudvernrundar, oversjå at tryggleiksmekanismen er kopla ut?

– Vi har ei veldig stor verksemd, og stort fokus på tryggleik. Kanskje har vi hatt mest fokus på dei områda som er verkeleg farlege, som kraning, arbeid i høgd og farlege operasjonar.

Har gjort grep

– Vi hadde nok for lite fokus på denne maskina, og det er difor vi har vedteke førelegget. Vi burde mykje tidlegare sett forbetringspotensial i tryggleiksrutinane, legg Bøe til.

Stryneverksemda har godteke førelegget på 100.000 kroner for brot på Arbeidsmiljølova paragraf 19. Bøe seier at dei no har endra rutinane for å unngå liknande uhell i framtida.

– Vi går ofte umelde vernerundar og har skjerpa opplæring på maskinene. Vi har fokusert ekstra på uhell i styrte maskiner, seier han.