Hopp til innhold

Difi kaprar glupe IT-hovud – i ein tøff databransje

LEIKANGER (NRK): Difi i Leikanger går uvanlege vegar for å skaffa seg kompetent arbeidskraft: Eit årvisst tilbod om sommarjobb har sikra direktoratet mange dataprogrammerarar, som det er stor rift om.

Morten Linderud, Marius Thingvall

ETTERSPURDE: Datastudentane Morten Linderud og Marius Thingwall er to av 12 datastudentar som har fått sommarjobb ved Difi. 42 søkjarar fekk avslag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Datastudentane Morten Linderud og Marius Thingwall har sommarjobb ved Direktoratetet for IKT og forvaltning (Difi) i Leikanger. I løpet av åtte veker skal dei laga eit dataprogram som kan gjera det enklare for eit direktorat eller eit departement å rapportera inn kor mykje nynorsk og bokmål dei brukar.

– Forhåpentlegvis vil offentlege etatar kunna spara tid ved å bruka denne IT-løysinga, seier Thingwall.

Rift om datastudentane

25-åringen frå Oslo er éin av tolv datastudentar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Glasgow og NTNU i Trondheim som i sommar har kome til Sogn for å arbeida ved Difi.

I hard konkurranse med private konsulentselskap og store føretak i byane, har statsorganet i Leikanger dei siste somrane makta å lokka over 60 datastudentar til DifiCamp, direktoratet sitt sommarjobbtilbod.

– DifiCamp har eit godt rykte på studiet mitt i Trondheim, seier Thingwall, som studerer informatikk ved NTNU.

Rune Kjørlaug og Odd Erik Loftesnes

KVAR TIANDE HAR KOME TILBAKE: – Som eit rekrutteringstiltak har DifiCamp vore ein relativt god suksess, seier Rune Kjørlaug (t.v.) og Odd Erik Loftesnes i Difi

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Rekordstor pågang

– Det har teke relativt av, frå ein student det fyrste året i 2008, til eit snitt på cirka ti kvart år etterpå, seier Rune Kjørlaug som er ansvarleg for Difi Camp.

I år var pågangen rekordstor med 54 søkjarar. Og av alle studentane som har vore med på DifiCamp, har 10 prosent arbeidd i direktoratet i etterkant.

Nettopp det å skaffa kompetent arbeidskraft er avgjerande når konkurransen om dei kloke IT-hovuda er hard, seier Kjørlaug.

– Dette er ein av dei meir vanskelege faggruppene å rekruttera hit. Når me i tillegg held til på Leikanger, så må me vera kreative og byggja eit forhold til moglege arbeidstakarar tidleg.

Kjørlaug meiner det årvisse tilbodet om sommarjobb òg er viktig for omdømet og nyskapinga i Difi.

Datastudentar ved Difi, Leikanger

DIFICAMP 2015: Morten Linderud (f.v.), Marius Thingwall, Lars Erik Grædal-Knutrud, Stian Hagen, Christian Duvholt, Ingrid Myrann, Kathrine Steffensen, Alf Håkon Lille-Mæhlum, Anna Kastet, Anja Amundsen, Hanna Sollie Storaker og Lars Sættem.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

IngeniørCamp

– Dette er ein kjempegod ide og noko me må gjera meir av i fylket vårt, seier Per-Odd Grevsnes, dagleg leiar i næringsselskapet Sogn næring.

Grevsnes meiner rekrutteringseffekten av DifiCamp er stor for heile Sogn, og han vil prøva å få til tilsvarande ordningar for andre faggrupper:

– Til dømes for ingeniørfaga. Hadde me fått med oss Statens vegvesen, Sogn og Fjordane fylkeskommune og nokre større private verksemder, kunne me ha fått til ein ingeniør-camp i Sogn.

Sogn meir attraktivt

– Me lagar ein ide til noko som kan bli ein del av eit større system. Kor mykje som blir brukt veit me ikkje, men me lærer uansett mykje av det, seier Kathrine Steffensen, som saman med Ingrid Myrann prøver å laga ei dataløysing for følgjande programstilling:

Studentar ved Difi Camp, 2015

FRÅ OSLO, VALDE SOGN: – Det å gjera datamiljøa i distrikta meir synleg er veldig bra, seier Kathrine Steffensen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Viss du melder flytting – korleis kan kommunen automatisk få sendt ut eit velkomstbrev, der du til dømes kan søkja om barnehageplass.

23-åringen er frå Oslo, men valde Sogn for å få ein annleis sommar med fin natur og fellesskapen med dei 11 andre studentane. I tillegg ville ho bli betre kjent med offentleg forvaltning.

– Dette har absolutt gjort Leikanger og Sogndal meir attraktiv framtidig jobbstad enn det var i utgangspunktet, seier informatikkstudenten ved NTNU.