Hopp til innhold

Diesellekkasje i elv i Sogndal

Mellom 1000 og 1500 liter frå ein dieseltank har leke ut i nærleiken av Sogndalselvi.

Sogndal

MÅ GRAVE OPP TANK: Mannskap frå brannvesen og Sogndal kommune arbeidar på spreng for å grave opp dieseltank.

Foto: JO MARIUS BØYUM

Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

– Det har leke ut i elva, men vi veit førebels ikkje kor mykje, fortalde vaktleiar Magni Brandsøy ved Alarmsentralen onsdag ettermiddag.

Sogn brann- og redning har jobba med å få opp tanken saman med folk frå Sogndal kommune. Tanken ligg i nærleiken av Quality Hotel Sogndal.

Det er observert oljefilm på elva.

– Brannvesenet har lagt ut lense for å samle opp det som har hamna i elva.

Mannskap frå Sogn brann- og redning har hatt tilsyn med elva i ettermiddag.

– Aksjonen blei avslutta i 16-tida. No er det ikkje lenger synleg diselsøl i elva. Tanken er tømt for diesel og skal etter kvart bli fjerna, seier vakthavande Elmer Sjøvoll i Sogn Brann og redning.

Han seier at mellom 1000 og 1500 lite rann ut.

– Det er uklart kor mykje som havna i elva. Vi hadde ut lenser som hindra dieselen i å spre seg, og la bark på land som sugde opp ein del.

– Kva veit du om årsaken til lekkasjen?

– Det var arbeid i nærleiken av tanken som gjorde at det kom ein skade på den. Politiet tek hand om saken vidare, seier han.

Sogndal

VED QUALITY HOTEL SOGNDAL: Dieseltanken ligg i nærleiken av Quality Hotel Sogndal.

Foto: JO MARIUS BØYUM