Leiar i Målungdomen, Maria Svendsen, roste prisvinnaren for sjølvsikker og original bruk av nordfjordmål på fjernsynsskjermen.
– Då Eli Kari Gjengedal song vêrmeldinga på melodien til Ola Tveiten i haust, gjorde ho noko få andre ville tort å gjere, konstaterte målungdomsleiaren under prisutdelinga.
Godt føredøme
– Eli Kari sjølv har uttalt at ho syntest det var flaut, men gjennom å tore å gjere det, gjorde ho seg sjølv til eit godt føredøme for andre. Når usikre ungdomar landet over ser henne vise fram dialekten sin på den måten, gjer det godt for den språklege sjølvkjensla, heldt Svendsen fram.
Takka TV2
Under utdelinga kunne Eli Kari Gjengedal fortelje at ho nesten ikkje trudde det ho høyrde då ho fekk vite at ho var tildelt årets Dialektpris.
– Då eg fekk telefonen trudde eg nesten ikkje det var sant. Eg lurte på om det var ein spøk, fortalde ho.
Gjengedal var òg oppteken av å rose medarbeidarane i TV2.
– TV2 skal ha mykje av æra for denne prisen. Dei legg veldig godt til rette for at vi som arbeider på skjermen skal kunne bruke dialekt der, og dei oppfordrar oss til å gjere det, sa ei strålande blid Eli Kari Gjengedal.
Forfattar
Eli Kari Gjengedal er fødd i 1971 og kjem frå Leikanger. Ho er mest kjend som vêrmeldar på TV2 for Storm Weather Center, men ho har òg vore innom forfattarbransjen, mellom anna med barneboka Karl Oscar i hardt vêr (2007).
Som dialektprisvinnar er ho i selskap med mellom andre Ravi (2004), Are og Odin (2006) og Linda Eide (2008).
(Norsk Målungdom)