Hopp til innhold

Hampehaue og spøteræv – forstår du alt dei seier på kysten?

Dativ, palatalisering og spesielle ord for livet ved og på havet er det som særmerkar dialektene på Bulandet og Værlandet. Det meiner både dei lokale innbyggarane og språkprofessor Sylfest Lomheim.

Dialkterord frå øyane langs vestlandskysten

ORD OG UTTRYKK: Det er ikkje uvanleg at folk langs kysten har fleire ord og uttrykk enn dei lenger inne i landet, seier professor Sylfest Lomheim.

NRK Sogn og Fjordane har vore på besøk i havgapet for å undersøkje nærare korleis dialekta på øyane langs kysten er og kva som særmerkjer dei.

Per Vidar Nybø frå Værlandet og Jardar Melvær frå Bulandet trur at nettopp nærleiken til havet og kysten er noko av det som set sitt preg på kva ord og uttrykk som blir brukte i området.

– Palatalisering med ein karakteristisk «j» i uttale, som i «kjennje» og «kjerkje» er typisk for øyane her ute. Og så har vi mange uttrykk for sjø og sjømannskap, og slike ting. Det er nok spesielt for Værlandet og Bulandet, seier Melvær.

Jardar Melvær og Per Vidar Nybø

PÅVERKA AV KYSTLIVET: Jardar Melvær og Per Vidar Nybø sine dialektar frå Bulandet og Værlandet er prega av nærleiken til havet og påverknaden frå eit liv langs kysten.

Foto: Gro Ravnestd

Er du eit hampehaue?

– Folk dreiv på sjøen, og det å reise til sjøs var ein del av livet. Når ein var gamal og fekk hyre på ein båt og reiste ut. Då tok ein med seg ord og uttrykk heim, frå både hollandsk og engelsk.

– Ord som «dekk», «dørk» og «kjeks», er utanlandske ord som har gått inn i språket vårt, fortel Melvær.

Dersom Melvær og Nybø møter nokon som ikkje er spesielt sterke kan dei seie at han er ein ekte «ålmose», som betyr at han er litt puslete. Og er det eit blikstille hav, kan dei seie «orgjele» for å skildre det.

– Kva det kjem av det veit eg ikkje, seier Nybø.

Skulle nokon frå området omtale deg om «hampehaue», så er det nok dessverre ikkje positivt meint.

– Det kjem av at dei som laga rep av hamp år ut og år inn, dei kunne bli skadde av hampen, som er eit slags narkotisk stoff. Så hampehaue brukar vi om å vere toskete i hovudet eller ein idiot, forklarar dei to.

(Artikkelen held fram under)

Bulandet

BULANDET: Blir du kalla 'ålmose' av nokon på kysten, er det ikkje nødvendigvis positivt.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Språket har blitt farga av både isolasjon og utferdstrong

Skulle dei to karane eller andre frå Bulandet eller Værlandet vere i tvil om kva ord og uttrykk som var brukte langt tilbake i tid, så har dei faktisk landets eldste hjelpemiddel. For den første boka der ord og uttrykk vart samla, er faktisk ifrå området.

– Krister Jønsson, som var prest i Askvoll og frå Olset, han samla alle orda som var litt spesielle og som vart brukte her. Han samla dei i boka «Krister Jønssons norske diktionarie». Mange av uttrykka frå 1649 lever faktisk framleis, seier Melvær.

Han trur noko av årsaka er at det tidvis har vore krevjande å kommunisere med dei ute på øyane.

– Det at vi budde langt unna andre senter har hatt sitt å seie for at vi held på språket vi opphavleg hadde. Samstundes så var det fiskarar og sjøfolk som budde her, dei reiste langt og tok med seg ulike ord og uttrykk vil eg tru. Så det eine motseier det andre.

– Fleire ord og uttrykk på kysten

Professor og tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim frå Hafslo, støttar forklaringane til dei to frå øyane.

– Språket til folk er alltid farga av folk sine nære omgjevnadar. Folk som bur nær kysten og havet vil ha fleire ord og uttrykk for det enn kva eg som nærast kjem frå under Jostedalsbreen vil ha, seier Lomheim.

Han støttar også forklaringa om påverknadane frå utlandet.

Sylfest Lomheim

SNAKKAR ULIKT: Språkprofessor Sylfest Lomheim seier alle blir påverka av den kulturen dei veks opp i og det er også med på å prege språket ein snakkar og dialekten ein har.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

– Det er mange uttrykk frå hollandsk som lever i kvardagsspråket, ikkje minst på kysten. «Dørken», som er golvet ombord på ein båt er frå hollandsk, og det same er «ta luven frå». Det kjem slett ikkje frå at ein tek luva av noko, men handlar om at ein ikkje får seglføring med båten. Altså at ein tek makta frå nokon når dei ikkje får vind i segla, fortel professoren.

Kan høyre om nokon er frå Bulandet eller Værlandet

Ein skulle kanskje tru at folk på dei to øyane snakka på same måte, men den gong ei.

– På Bulandet har dei ein spesiell o, dei seier «gollje» og «follje» om gull og full. Det høyrer ein ikkje på Værlandet. Den same uttalen har dei lenger nord på kysten, og merkeleg nok så er det berre på Bulandet at ein seier det slik, sør for Stad, fortel Melvær.

Og legg til at det også er ein tredje variant av uttalen.

– Mor mi er frå Alden, der snakk dei ikkje berre om gull, men om «gyllj». Så det er store variasjonar frå øy til øy, men ein må ha lokalkunnskap om ein skal klare å skilje dei.

«I møjene»

Eit anna karakteristisk teikn ved dialekta er bruken av dativ.

– Vi seier inn i Alden, men at vi er på Alda. Og at vi er på Bulanda, men at vi skal ut i Bulandet. Det er bevegelsen som styrer dativen, som på tysk. Og så har vi «møjene».

– Setninga «Forgje meg på at han er i møjene», betyr «skal vedde på han har problem». «I møjene» skildrar ikkje berre at du er på ein plass, men at ein er i ein tilstand. Vi brukar dativ for å skildre det, fortel Melvær.

Bruken av dativ og palatalisering er derimot ikkje noko som berre kjenneteiknar Bulandet og Værlandet, seier Sylfest Lomheim.

– Dativ er i bruk mange stader i landet, men det er ei kjensgjerning at bruken av det er på veg tilbake. Ser ein heile landet under eitt, så er palatalisering heller ikkje spesielt. Det går eit belte frå yst i Sogn og vidare oppover, og er eit trekk som går igjen i heile Midt-Noreg.