Hopp til innhold

Devils Choice ankar sak

Motorsykkelklubben Devils Choice i Florø ankar eigedomssaka der dei saksøkte to av medlemmene sine. Det skriv Firdaposten. Sju av medlemmene i Devils Choice gjekk til sak mot to andre medlemmer på grunn av usemje om eigarskapen til klubblokala i Florø, men tapte saka i Fjordane tingrett. Saka vert anka fordi dei meiner dommen er uriktig på alle punkt.