Hopp til innhold

Dette ville folket ha – det får dei ikkje

FØRDE (NRK): Folket ville ha dette fjordmotivet, men byråkratane har lagt vinnaren til side. No har dei innstilt eit anna motiv til fylkesvåpen for Vestland.

Dette meiner folk om forslaget til fylkesvåpen for Vestland fylke.

Dette meiner folk om forslaget til fylkesvåpen for Vestland fylke.

– Eg synest ikkje noko særleg om det nye forslaget. Det einaste eg kan sjå som representerer Vestland, er at det er to parti med grønt og kvitt sidan det er to fylke som skal slå seg saman. Eventuelle fjord og fjell ser eg ikkje, svarar Kurt Arne Fortun på spørsmål om kva han tykkjer om det som kanskje blir Vestland sitt fylkesvåpen.

Fylkesvåpen Vestland

IKKJE IMPONERT: Knut Arne Fortun likar ikkje forslaget som er innstilt til fylkesvåpen.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Fylkesvåpenet skal bli tatt i bruk når Sogn og Fjordane og Hordaland blir slått saman til Vestland fylkeskommune 1. januar 2020. Innbyggjarane i dei to fylka fekk sende inn forslag til det nye fylkesvåpenet. Det kom inn 667 forslag, og fjordmotivet vart stemt fram som folkets favoritt. Det er likevel eit anna motiv som er innstilt til fylkesvåpen.

Fleire vi spør trekkjer fram folkefavoritten som ein betre kandidat enn det innstilte fylkesvåpenet, som dei beskriv som kjedeleg og enkelt.

– Folkefavoritten var veldig fin! Vi burde eigentleg hatt den sidan han blei stemt fram, seier Linn-Mary Flugekvam.

Nytt og spenstig fylkesvåpen

– Forslaget fagkomitéen har innstilt har ei bra form og er eit sterkt fylkesvåpen som har med seg det heraldiske og historiske, samstundes som det er moderne, seier Malvin Horne i designbyået A til Å.

Innstilt fylkesvåpen

INNSTILT: Forslaget representerer det vestnorske fjordlandskapet. Fagkomiteen skriv at det har ein god form og er eit enkelt, men sterkt våpen.

Foto: Vlfk.no

Horne jobbar sjølv med kommunevåpenet til nye Kinn kommune. Han har forståing for at ein vil ha folkefavoritten, men forklarar at det er visse retningsliner som må følgjast.

– Det er mange omsyn ein må ta når det kjem til fargar og utforming. Ein ønskjer gjerne at det som kjem frå folket skal vere med, og det har vore god inspirasjon for dei som jobbar med dette. Det er no fire forslag ein skal ta stilling til, og eg synest det som er innstilt frå fagjuryen er det beste.

Horne er ikkje samd i at designen er traust og kjedeleg.

– Eg synest det er nytt og spenstig.

Utsett avgjerda

Prosjektleiar for samanslåinga til Vestland fylkeskommune, Rune Haugsdal, fortel at ein fagkomité har vurdert forslag frå fem ulike designbyrå og kome fram til dei fire han har tilrådd.

– Eg kjenner ikkje fagkomitéen sine vurderingar på enkeltforslag, så eg vel å ikkje gå inn på det, svarar Haugsdal på spørsmål om kvifor folkefavoritten ikkje er med.

I utgangspunktet skulle val av fylkesvåpenet drøftast i fellesnemnda 3. desember, men møtet er blitt utsett til 19. desember.

– Det er eit symbol vi skal ha med oss i lang tid framover. Difor er det viktig å ha ein grundig prosess og at dei som tar avgjerda er komfortable med valet.

Vi viser fram forslaga til fylkesvåpen

FYLKESVÅPEN: Desse forslaga er innstilt som fylkesvåpen for Vestland. Motivet lengst til venstre er førstekandidat. Folk i Førde var ikkje veldig imponerte.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK