Hopp til innhold

Dette vil dei ikkje at du skal vite noko om

Ei rekkje dokument i Fjord1-saka blei offentleggjort måndag. Men det er framleis ikkje all informasjonen fylkesrådmannen og Torghatten vil at du skal få lese likevel.

Fjord1-dokument

SVART: Publikum får vite mykje i dei ny-offentlege dokumenta. Men ikkje dette.

Foto: Faksimile / sfj.no / NRK

Eit av dokumenta som blei gjort tilgjengeleg i dag, er den såkalla aksjonæravtalen mellom fylkeskommunen og Torghatten. I den strengt jurdisk skrivne avtalen, som aldri blei sett ut i livet, har byråkratane likevel brukt sladdepennen.

Punktet om risikofordeling mellom fylkeskommunen og reiarselskapet er heilt stroke ut, det same er ei rekkje andre punkt i denne avtalen og i fleire av dei andre dokumenta som no er gjort offentlege.

– Framleis teieplikt

Fylkesrådmann Tore Eriksen ønskjer ikkje å gå inn i enkeltdokument måndag kveld, men seier til NRK at einskilde opplysningar framleis vil vere omfatta av teieplikt, sjølv om avtalen mellom fylkeskommunen og Torghatten gjekk i vasken.

– Men også dei må verne om det vi kan kalle konkurransesensitiv informasjon, som kan skade selskapet dersom det skulle kome ut. Den typen informasjon vil framleis vere sladda. Dette gjeld heller ikkje berre for Torghatten, men også for andre bodgjevarar vi hadde inne.

Dokument Fjord1

INGEN SUM: Ei rekkje tal er sladda i aksjonæravtalen mellom Fjord1 og Torghatten. Ein avtale som aldri blei noko av.

Foto: faksimile / sfj.no / NRK

Spurte Torghatten om lov

Eriksen meiner at prosessen rundt offentleggjering av dokumenta har vore grei og ryddig, og at administrasjonen i fylkeskommunen ikkje har hatt noko mål om å halde unna dokument for offentlegheita - snarare tvert imot.

– Vi kontakta Torghatten og spurte om dei kunne gje eit samtykke til ytterlegare offentleggjering. Det gav dei, men sjølvsagt var føresetnaden deira at dei må godkjenne dei konkrete dokumenta som har vore underlagt teieplikt fram til no, seier Eriksen til NRK.

Avtalen mellom fylkeskommunen og Torghatten gjekk som kjend ikkje gjennom i Konkurransetilsynet, og aksjane er no seld til tidlegare minoritetseigar Per Sævik gjennom selskapet Havilafjord.