Hopp til innhold

Dette vart sunnfjordingen sin 44. dom

Berre tre dagar etter at mannen slapp ut fri etter ei lengre fengselsstraff, slo sunnfjordingen i 40-åra til på nytt.

Innbrot Pikant

SKADE: Mannen gjorde skade for nær 10 000 kroner under innbrotet på Pikant. I tillegg stal han kring 3 500 kroner frå kassaapparatet.

Foto: Pikant

Mannen fekk ein trøblete start på kvardagen utanfor murane. Under ei veke etter sat han igjen bak lås og slå .

No er mannen døm til fengsel i fem månader etter innbrotet på Pikant i Førde. Og for å ha knust ei rute i den kommunale leilegheita han leigde.

Rett frå soning

Mannen var allereie dømd 43 gonger då han i førre veke møtte i tingretten. 38 av desse for vinningsbrotsverk.

Men sunnfjordingen ser ikkje ut til å ta lærdom av dei mange dommane.

Same dag som han kom heim etter ei lengre fengselsstraff i fjor haust, knuste han ei rute for å komme seg inn i si eiga leilegheit.

Stal pengar

Sunnfjordingen forklara at han ikkje hadde nøkkelen til leilegheita, og hevda ein «naudretssliknande situasjon».

Retten meinte derimot at mannen kunne kontakta både kommunen og politiet om hjelp, og at han alternativt kunne lagt seg inn på hotell eller hos kjende til han fekk hjelp.

Nokre dagar seinare, natt til måndag 26. oktober, knuste mannen inngangsdøra til restauranten Pikant og stal 3 400 kroner frå kassaapparatet.

Nekta for innbrotet

Politiet fatta raskt mistanke til sunnfjordingen og pågreip han nokre timar seinare på Firda Billag. Han skulle då med bussen til Bergen.

Mannen nekta for innbrotet, men påtalemakta presenterte overvakingsbilete både frå innbrotet og av mannen frå andre stadar i Førde sentrum.

Personane på bileta var likt kledde og bar på liknande sekkar. Om ikkje det var nok, konkluderte Kripos med at sko som mannen hadde vart nytta under innbrotet.

88 dagar i varetekt

Mannen har tidlegare fått deldom fleire gonger før, utan at det hindrar han i å gjere nye lovbrot. Det er heller ikkje første gang at mannen gjer nye lovbrot kort tid etter lauslating.

Retten delte seg i utmålinga av straff. Medan påtalemakta kravde fengsel i seks månader, meinte mindretalet at 120 dagar var ei passande straff.

Fleirtalet dømde han til fem månader fengsel. Til frådrag i straffa kjem 88 dagar varetektsfengsling. Mannen må også betale til saman 18 000 kroner i erstatning til Førde kommune og Pikant for skadane.