NRK Meny
Normal

Dette vart for freistande for postbodet

Badelysta vart for stor for postbodet i Luster. Langs Veitastrondvatnet stoppa han postbilen, let uniforma falle, og heiv seg uti.

Postbod Hallvard Sørheim Evjestad i Luster let postrute vere postrute nokre minutt, då badelysta tok overhand langs Veitastrondvatnet.

SJÅ VIDEO: Med postuniforma i haug på stranda, hoppa postbod Hallvard Sørheim Evjestad ut i det iskalde Veitastrondvatnet. Foto: Privat

– Det såg freistande ut, men det var kaldt brevatn, erkjenner Hallvard Sørheim Evjestad.

Tilsettgruppe for Posten og Bring

ETTERLYSER BADEBUKSE: Tilsett-gruppa «Vi i Posten og Bring» la ut dette innlegget med postbodet frå Luster.

Foto: Skjermdump får Facebook

23-åringen var mutters åleine då han let seg lokke av det varme junivêret fredag.

– Eg er glad i å bade anten det er i vatn, fjorden eller innandørs i Lustrabadet, fortel postbodet som bestemte seg for å la postrute vere postrute i nokre raske minutt.

Fin uniform, men ...

Mutters åleine stoppa han postbilen langs vatnet mellom Hafslo og Veitastrond. Badebukse hadde han ikkje, men badet måtte forevigast, og videoen fiksa han på eiga hand ved å setje mobilen frå seg i strandkanten.

Resultatet delte Evjestad laurdag med kollegaer i posten på den opne tilsette-sida «Vi i Posten og Bring» på Facebook.

Hallvard Sørheim Evjestad

BADEGLAD: Hallvard Sørheim Evjestad ser ikkje bort frå at det blir fleire bad langs postrutene i Luster i løpet av sommaren.

Foto: Privat

– Eg ha utan unnatak berre fått positive tilbakemeldingar, seier lustringen som på Facebook hinta om at Posten kanskje burde inkludere badebukse i sommar-uniforma.

«Posten ha mykje fine arbeidskle, men badebrok ha eg ikkje faott endao.»

Fredagsaktivitet

– Har du høyrt frå sjefen om du får badebukse no?

He-he. Nei, eg har ikkje snakka med han. Eg får no sjå i morgon om eg framleis har jobb, ler postbodet.

Men posten skal som kjent fram, så Evjestad har ingen planar om daglege bad langs ruta, sjølv om finvêret skulle halde fram.

– Det er for det meste ein fredagsaktivitet. Ein kan ikkje vaske skrotten kvar dag, ler postbodet frå Gaupne.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.