NRK Meny
Normal

Dette var einaste sjansen, men ingen greip den

Nikolai Astrup sitt oljemåleri «Epletre i blomster, Sandalstrand» var biletet med desidert høgast prislapp under Christiana Auktionsforretning sin auksjon torsdag kveld.

Nikolai Astrup - Epletre i blomst, Sandalstrand

SELDE IKKJE: Dette oljemåleriet til Nikolai Astrup var sett til ein verdi på 700.000 kroner, og ville truleg gått for kring éin million kroner om det hadde seld.

Foto: Christiania Auktionsforretning

Det dyraste biletet som vart seld var til ein pris på 185.000 kroner. Samstundes var Astrup-måleriet målt til ein verdi på 700.000 kroner, ifølgje Christiania Auktionsforretning.

Sjølv om auksjonen i Oslo som har vart dei siste tre dagane, selde 81 prosent av det som var lagt ut for sal, var ikkje «Epletre i blomster» inkludert i dette.

– Vi hadde store forventningar til dette biletet. Det var mange som såg på det på førehand mange telefonar, men dessverre var det ingen som la inn bod på biletet, seier Pascal Nyborg, kunstansvarleg i Christiania Auktionsforretning.

Selde to Astrup og to Eikaas

Dei selde til saman varer for nesten sju millionar på den tre dagar lange auksjonen som avslutta med kunstauksjonen torsdag kveld.

Fire bilete av Nikolai Astrup og tre av Ludvig Eikaas var på lista. Av desse vart to Eikaas-bilete og to Astrup-bilete seld. Astrup sin akvarell «Landskap» gjekk for mest. Verdien var sett til 8000 kroner, men biletet gjekk for 26.000 kroner.

– Det var stor interesse i den akvarellen som er eit bilete basert på japansk tresnitt som Nikolai Astrup var veldig influert av, fortel Nyborg.

Nikolai Astrup - Landskap

LANGT OVER VERDI: Akvarellmåleriet Landskap hadde ein verdi på 8000 kroner, men gjekk for 26.000 kroner.

Foto: Christiania Auktionsforretning

– Burde ha blitt seld

Trass i ein god auksjon er han både skuffa og overraska over at kveldens dyraste bilete ikkje vart seld.

– Den typen bilete gjekk for nokre år sidan for om lag ein million kroner. Dette biletet her som er eit veldig viktig motiv burde blitt seld, men det gjorde ikkje det, seier han.

Kunstseljaren har vanskar med å forklare kvifor.

– Det vi har sett det siste året er at fargetresnitt av Astrup sine kjende motiva har gått langt over vurderingane. For same pris som dette flotte oljemåleriet betalar folk for eit tresnitt på halvparten av storleiken, så det er litt forunderleg at dette biletet ikkje selde, seier Nyborg.

Kjem truleg ikkje for sal att

Ludvig Eikaas - Hest i vind

HEST I VIND: Ludvig Eikaas sitt tresnitt gjekk for 8500 kroner, over verdien på 4000–6000 kroner.

Foto: Christiania Auktionsforretning

Og truleg var det siste sjanse, i alle fall på lang tid, til å sikre seg oljemåleriet på Sandalstrand.

– Biletet kjem frå ein privat familie som eg går ut frå kjem til å ta det tilbake, dessverre. Vi får håpe at vi får inn andre tilsvarande bilete snart.

At dette er eit bilete som lett kunne blitt seld for ein prislapp på ein million kroner, er nok ikkje årsaka til at den ikkje vart seld, trur Nyborg.

– Eg trur at dei som samlar skikkeleg på dette her har råd til å kjøpe det og at det ikkje er prisen det står på, men det var kanskje ikkje aktuelt med dette motivet akkurat no.