Hopp til innhold

Dette vakna journalistane til

Journalistane i Sogn og Fjordane vakna til ein litt uvanleg politilogg onsdag morgon.

Politilogg

SKJERMDUMP: Dette diktet møtte journalistane i Sogn og Fjordane, som onsdag morgon sjekka loggen til Sogn og Fjordane politidistrikt.

Foto: Skjermdump politi.no

Stille og fredelege sommardagar/netter gjer ikkje berre journalistane kreative. Det fekk journalistane i Sogn og Fjordane erfare då dei i morgontimane onsdag logga seg på for å finne siste nytt frå krimfronten i fylket.

Istaden for den vanlege meldinga om «Ei roleg natt i Sogn og Fjordane politidistrikt», vart journalistane møtt av eit 36 linjer langt dikt om Journalistsorg, skrive av Arne Domben.

  • LES HEILE DIKTET NEDERST I SAKA.

– Det skildrar på ein uhyre god måte det daglege politi/presseforholdet. Om journalistane som masar og masar og må ha noko å skrive om, medan politiet har ingenting, ler Leif Bell.

Tilfeldig

Bell hadde nattevakta på operasjonssentralen natt til onsdag, og er mannen bak oppdateringa av politiloggen i morgontimane.

Diktet han publiserte kom han over i samband med rydding av eit hus.

– Eg kom over heftet for nokre veker sidan i bokhylla til min avdøde onkel. Til då var eg ikkje klar over at det eksisterte. Men eg må seie at han hadde veldig mange gode dikt, seier Bell og viser til diktarskapen til Arne Domben.

– Nye tankar

Floraværingen, og politimannen, Arne Domben gav ut to diktsamlingar «No er eg blitt politi!» (1943) og «Mørk natt» (1976). Begge på Fonna Forlag. Fødd 1906 på Kinn, døydde Domben i 1985.

Då natta vart så roleg, som den vart, meinte Bell tida var inne for å publisere diktet.

– Det står i reklamen til politihøgskulen at nokon må tenkje nytt, der tankar er låst, eller noko slikt. Kvifor ikkje berre prøve noko nytt, ler han.

– Blir det meir?

Og forsikrar at natta på operasjonssentralen i Florø verkeleg var roleg.

– Det var veldig fredeleg, som det ofte plar vere midt i veka, seier Bell og ikkje utelukkar fleire poetiske politiloggar i framtida.

– Det får vi vente å sjå. Kanskje, kanskje ikkje, ler Bell.