Hopp til innhold

Dette trofeet har ikkje ein nordmann løfta på over 30 år

– Det var veldig kjensleladd. Når du jobbar så hardt mot dette i fire år, og du plutseleg står der med trofeet i handa, det går ikkje an å setje ord på.

Bjarne Nikolai Huus

TÅRER: Bjarne Nikolai Huus (med trofeet) tok til tårene etter at seriemeisterskapen var sikra. – No får vi snakke med agentar. Frå hausten av vil eg halde fram som proff i Europa, seier 23-åringen.

Foto: Michael Gomez

Det seier Bjarne Nikolai Huus (23) om kjensla etter ein av dei største triumfane nokon gong av ein nordmann i internasjonal volleyball: amerikansk seriemeisterskap med Long Beach State.

Med nær 10.000 elleville supporterar på tribunane i Los Angeles. Mange av dei familie og vener frå Norge.

– Det var heilt elektrisk. Du måtte skrike for å kommunisere med medspelarer og du høyrde ikkje beskjedane frå trenaren på sidelinja. Det var ei heilt ny oppleving, seier kantspelaren frå Førde.

– Utruleg stort

Huus er, etter det NRK kjenner til, den andre nordmannen som har klart denne bragda. Den første var Asbjørn Vølstad, også han frå Førde, for over 30 år sidan.

Asbjørn Vølstad viser fram premien for seriegullet i USA 1987

GLER SEG: Asbjørn Vølstad tok dette trofeet med UCLA i 1987. – Eg heiar på laget mitt, men eg det er veldig lett å gle seg på Bjarne sine vegne, seier han.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

I tal utøvarar og land, er volleyball av dei største idrettane i verda. Berre Brasil har fleire OL-medaljar enn USA i volleyball og sandvolleyball.

– USA har vore i verdstoppen sidan 80-talet, og rekrutterer sine spelarar gjennom collegearenaen. Dei produserer spelarar av høgt internasjonalt nivå. Dette er utruleg stort, seier Vølstad.

Dramatisk kamp

Med berre eitt tap i serien gjekk Long Beach State til finalen etter å ha slått regjerande seriemeister Ohio State i semifinalen.

Bjarne Nikolai Huus

SPENNANDE: Seriefinalen mot UCLA vart høgdramatisk. – Vi vann første sett lett, men tapte dei to neste. I fjerde sett kunne UCLA avgjort kampen. Då var det uverkeleg å plutseleg stå der med pokalen, seier Bjarne Nikolai Huus.

Foto: Michael Gomez

Finalen mot UCLA vart dramatisk. Med to sett i bagen, leia UCLA både 12–5 og 17–3. Kampen kunne blitt avgjort der.

I staden vann Long Beach State til slutt 3–2.

– Plutseleg stod vi der med pokalen over hovudet, seier Huus.

Har studert psykologi

Huus kunne ikkje fått ei betre avslutning på fire år med psykologistudium i USA. Dette er andre gongen colleget blir seriemeister. Sist, i 1991, var hovudtrenar Alan Knipe spelar.

Han er imponert over 23-åringen frå Norge.

– Bjarne er av dei mest hardtarbeidande eg nokosinne har møtt. Eg er så glad for at han nådde det ultimate målet gjennom dei fire åra han har vore her, seier Knipe.

Bjarne Nikolai Huus

IKKJE SAMANLIKNBART: Bjarne Nikolai Huus (t.h.) har tidlegare vunne sølv i U19-VM i sandvolleyball og eliteserien med Førde. – Det kan ikkje samanlikne seg med dette i det heile. Truleg vil eg aldri få oppleve den kjensla att, seier landslagsspelaren frå Førde.

Foto: Michael Gomez

– Eg har trena før folk har stått opp eller etter at dei har lagt seg. Å sitje her med trofeet på hylla gjer det verdt det, stadfestar Huus.

«This is for you dad»

Men seriemeisterskapen har ei betydning som betyr langt meir enn berre sportsleg suksess. Før to viktige kampar i februar, døydde far hans. Etter finalen skreiv han på Facebook «This is for you dad».

– Etter at far døydde har eg spelt sesongen for han. Han ville eg skulle lukkast med det eg dreiv med og fortalde meg alltid at å gjere noko «fullt og helt, ikkje stykkevis og delt», seier han.

– Det har eg tatt med meg vidare i alt eg gjer, seier Huus.