Dette torevêret er på veg mot Vestlandet

Det er eit kraftig torevêr som er på veg mot Vestlandet. I natt vart det registrert over 26.000 lynnedslag i Skandinavia.

Tordenvêr på veg mot Vestlandet

I NATT: Biletet viser observasjonar av eit vanvitig torevêr ute i Nordsjøen nå i natt. Det beveger seg sakte mot land, skriv Meteorologane på Twitter.

Foto: Skjermdump / Meteorologisk

Energiselskapa bur seg no på det som kan bli eit heftig torevêr utover ettermiddagen og kvelden.

Spesielt områda mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden er utsett.

– Ferierande som er i området kan risikere å bli kalla ut dersom det blir naudsynt, seier Arild Orvedal i Sognekraft.

Bemannar opp

Også BKK er i full gang med å gå igjennom sine beredskapsplanar, fortel Øystein Berge som er fungerande pressevakt.

Dei har bemanna opp nettsentralen for å handtere det som måtte komme av hendingar.

Her blir det fuktig i dag

FUKTIG: Ustabil luft og høge temperaturar gir ettermiddagsbyer og fare for torevêr på Vestlandet.

Foto: Skjermdump / Meteorologisk institutt

– Sjølv om det er ferie er beredskapsstyrken vår operativ, så det er å få oversikt over folk, materiell og utstyr, samt gjere klar mobile aggregat i tilfelle havari på transformatorar, seier han.

Torevêret kan føre til mørklagde bygder. Tryggleiken til mannskapet går alltid først.

– Vi kan ikkje ut å rette feil før lynaktiviteten har gitt seg. Difor kan det vere lurt å ha straum på mobiltelefon og andre ting slik at ein kan nå og bli nådd om noko hastar, seier Berge.

Venta å ta seg opp

Torevêret nærmar seg sakte men sikkert kysten av Vestlandet. TV2 viser til nettsida Blitzortung.org som i løpet av to timar i natt registrerte 26.658 lynnedslag i Skandinavia.

Anders Sivle

METEOROLOG: – Torevêret jobbar seg sakte, men sikkert inn mot Vestlandet. Det kjem først inn sør for Sognefjorden, før det breier seg austover og nordover i fylket utover kvelden, seier Sivle.

Foto: Marit Hommedal

Meteorolog Anders Sivle hos Vêrvarslinga på Vestlandet seier det er vanskeleg å føresjå kor kraftig torevêret blir.

– Det var intenst i Skottland og på vegen over Nordsjøen. Det som nærmar seg kysten av Rogaland har døydd litt ut. Sidan det er varmare over land enn havet, er det grunn til å tru at det tek seg opp når det treff land, seier han.

Mykje nedbør

Årsaka er varmen onsdag og torsdag som kolliderer med kjøligare luft og skaper ein kald front. Den ustabile lufta kan også utløyse kraftige regnskur.

Dei kraftigaste byene kan gi 10–15 millimeter.

– Det i seg sjølv er ikkje noko å snakke om for ein Vestlending. Legg ein til at det kjem i løpet av tre timar, så er det noko anna, seier Sivle.

Endra prognosar

Prognosane onsdag varsla at nordlege delar av Rogaland og Sunnhordland ville få det verste torevêret. Dette har endra seg i løpet av natta.

– Det er uansett greitt å tenkje på at ein ikkje bør opphalde seg på det høgste punktet i terrenget, å ikkje vere ute i båt med fiskestong og å ta ut stikkontaktane, avsluttar Sivle.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.