NRK Meny
Normal

Dette synet vakna fleire til i dag

Så langt ser det ut til å gå bra på vegane torsdag, men fredagen kan det sjå heilt annleis ut, åtvarar meteorologen.

Snø i Førde 28. januar 2016

VÊRSKIFTE – IGJEN: Nok ein gong har vêrgudane snudd. I Førde har store snømengder forsvunne den siste veka, men torsdag morgon vakna byen til våt snø og sleipt føre.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Fleire stader i fylket vakna folk til snø på torsdag. I Førde hadde det meste av snøen smelta vekk, men i løpet av natta har den funne sin plass att.

Ved Vegtrafikksentralen har dei førebels ikkje fått meldingar om glatt føre på vegane.

– Men vi har fått ein del meldingar om isnedfall også i dag, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen.

Store variasjonar i fylket

Over heile fylket vil nedbøren i dag veksle mellom regn og snø.

– Det blir regnbyer og i indre og høgareliggande strok så er det snøbyer. Det er ganske låge temperaturar i indre strok, men mildare på kysten. Det er store forskjellar i fylket. Det blir også vestleg og sørvestleg stiv kuling utsette stader, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

Først på dagen torsdag er det også utrygt for torevêr og haglbyer. Men dagens vêr er ingenting samanlikna med det vi har i vente.

– For morgondagen er det ganske mykje vêr å snakke om. Det er kraftig uvêr i vente, seier Livik.

Fredag brakar det laust

Natt til fredag er det venta sørleg sterk kuling utsette stader, liten storm ved Stad, og nedbør som snøbyer over 400–700 meter.

– Utover formiddagen så aukar det til sørvestleg full storm og om kvelden er det venta sterk storm og kanskje orkan på kysten i nord. Og det blir lokalt mykje nedbør, seier Livik.

Han ber folk ta omsyn til uvêret og vere forsiktige.

– Det blir store variasjonar innover land, men vindkasta kan vere skumle nesten kor som helst i fylket. Så folk må berre halde seg oppdatert.

Det verste uvêret er venta å roe seg utover laurdagen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune