Hopp til innhold

Dette synet skaka nasjonen for 80 år sidan

Frivillege leitemannskap ber på levningane av ein av dei omkomne frå Norges første ruteflyulukke. Først no er den eigentlege årsaka til flystyrten avdekka.

havørn lik

TUNG JOBB: Bygdefolk i Hyllestad måtte ta jobben med å få frakta levningane av dei omkomne om bord i skuter som frakta dei vidare til Bergen.

Foto: www.fylkesarkiv.no

Tidleg om morgonen den 16. juni 1936 høyrde bygdefolk flydur over Sognesjøen. Det var det tremotors sjøflyet Havørn som var frå veg frå Bergen til Tromsø.

Om bord var det fire mannskap og tre passasjerar. Flyet styrta rett i fjellmassivet Lihesten i Hyllestad, og alle om bord omkom.

Problem med ein høgdemålar blei sett på som den trulege årsaka til den dramatiske ulukka, men no har forfattaren Per Arvid Tellemann djupdykka i gamle arkiv. Dårlege vêrvarsel er ei mykje meir sannsynleg årsak, meiner Tellemann.

Havørn Per Arvid Tellemann

NY BOK: Per Arvid Tellemann har skrive bok om Havørn-ulukka.

Foto: faksimile

Fekk for dårleg vêrvarsel

– Vêrvarselet dei fekk var unyansert og for dårleg, og at dei ikkje hadde navigasjonssystem som var rekna for den situasjonen dei var i. Det offentlege hadde heller ikkje bygd opp radiostasjonar, så dette var eigentleg ei varsla katastrofe, seier Tellemann.

Han har fått stadfesta sine teoriar med hjelp frå meteorologisk ekspertise, og har gått inn i materiale som tidlegare aldri har vore kjend om den første ulukka i kommersiell luftfart i Norge.

– Eg fekk i oppgåve å organisere arkivet etter Det Norske Luftfartsselskap som var flyselskapet som eigde flyet. Eg såg at det var ting eg ikkje var samd i, og så byrja eg å grave i det, fortel Tellemann, som no har skrive bok om Havørn-ulukka.

Redningsmannskap Havørn i Hyllestad

HELTEMODIG: Lokale klatrarar, saman med profesjonelle, tok jobben med å få dei omkomne ned frå fjellet.

Klatra for å finne dei døde

Det var bokstaveleg tala lokale heltar som fekk ned dei omkomne frå det stupbratte fjellet Lihesten.

Ein del folk i bygda hadde erfaring med å klatre for å leite etter husdyr, og denne erfaringa gjorde at dei gjekk laust på ei oppgåve ingen før hadde gjort før dei i Norge. Alle forstod at ingen kunne ha overlevd ulukka.

– Det som fascinerer er det engasjementet som dei lokalt synte for å klatre i fjellet for å få ned dei døde. Dei fire første turane opp i fjellet blei gjort av lokale folk som hadde erfaring frå å leite etter sauer. Dei to siste gongane var blei turane leia av profesjonelle fjellklatrarar, som hadde vore trent opp i Sveits.

Siste bilete av Havørn

DET SISTE BILETET: Havørn gjekk i rute mellom Bergen og Tromsø.

– Russisk rulett

Dei fire fjellklatrarane som henta ned tre omkomne frå den øvste fjellhylla, vart seinare heidra med Kongens gullmedalje for edel dåd.

Forfattar Per Arvid Tellemann, som har jobba mange år i luftforsvaret, vonar at boka hans vil kaste nytt lys over ei hending som skaka heile nasjonen den gongen for 80 år sidan.

– Dette var ein form for russisk rulett, slår Tellemann fast.

Aftenposten 1936

SJOKKET: Flyulukka i Hyllestad førte til store oppslag.

Foto: faksimile Aftenposten 16. juni 1936