Hopp til innhold

Dette synet fekk Torunn til å skrike av full hals

– Eg trur aldri eg har kvoppe sånn før. Det kom så bust på, seier Torunn Borlaug etter at ho på fjellturen i går møtte ein dorsk hoggorm.

Hoggorm ved Huarplassen i Hafslo påska 2017

LÅG HEILT STILLE: Hoggormen låg lenge så stille at turfølgjet trudde den var død. Hadde dei visst den var levande, hadde dei truleg ikkje stått så nære som dette då dei tok bilete.

Foto: Torunn Borlaug

– Når du går tur om sommaren, i sol og varmt vêr, kan du jo tenke at du kan møte orm. Men dette var ikkje ein slik dag.

Borlaug grøssar når ho fortel om møtet med den giftige slangen på søndagsturen. Saman med hunden sin, dottera og systera, gjekk turen oppover mot Galden på Hafslo i Sogn.

Då ho plutseleg oppdaga den mønstrete hoggormen på stien vart det bråstopp for den fredelege fjellidyllen.

– Hadde eg tenkt meg om, så veit eg jo at vi såg orm om lag på same plassen i fjor. Men eg hadde ikkje trudd det var orm der så tidleg.

– Så eg skreik så heise, seier Borlaug med litt latter i stemma.

  • Har du ein video eller eit bilete du vil dele med lesarane? Tips oss på sf@nrk.no eller 03030@nrk.no
Hoggorm i Askvoll

ORMEKOS: Geirfinn Strømmen frå Askvoll tok bilete av denne ormen på Helleset i Askvoll sist søndag.

Foto: Geirfinn Strømmen / Askvoll

Trudde ormen var død

Borlaug vaks opp i Høyanger, og der vart ho van med mykje orm. Sjølv om ho slett ikkje likar ormar, har ho aldri late seg stoppe av frykta for å møte på dei. Då turfølgjet møtte ormen i går, var Borlaug mest redd for at hunden skulle bli biten.

– Men hoggormen låg heilt stille, og rørte seg ikkje i det heile teke.

Damene trudde først at hoggormen var død, men ville likevel ha den vekk frå stien. Med ein lang pinne dytta dei i den.

– Då vart han irritert og freste.

Mislikar du hoggormar, så er dette dårleg nytt

Hoggorm ved Huarplassen i Hafslo

SNEIK SEG UNNA: Då Torunn Borlaug byrja pirke i ormen for å få den vekk frå stien vakna den til liv. Her snik den seg ut i skogen igjen. Bilete er teke på Huarplassen i Hafslo, vel 400 meter over havet.

Foto: Privat

Breia seg for å tine opp etter vinterdvalen

Borlaug seier ormen var veldig tjukk, og trur han nettopp hadde fått seg eit realt påskemåltid. Den teorien gir hoggormekspert Dag Dolmen ved NTNU ho feil i.

– Det går som regel ein månad før ormane byrjar ete etter dvalen. Det dei har sett er typisk åtferd, der ormen breier seg ut for å bli treft av så mange solstrålar som mogleg. Sjølv om det ikkje var synleg sol, så kjem det strålar gjennom skyene, forklarar eksperten.

Allereie i februar møtte Laila Grotle på hoggorm i Bremanger. Ifølgje Dolmen vart det observert orm i Møre og Romsdal om lag samtidig, medan det i Trondheim og langs Oslofjorden er sett orm i mars.

Ikkje noko hoggormår

Dolmen seier det ikkje er noko som kan kallast hoggormår, og at bestanden av ganske lik år etter år.

At folk frå tid til anna ser meir orm enn elles, har meir med at folk og orm er ute i same ærend, nemleg å få sol på seg.

– Det er veldig sjeldan at ormen bit på vårparten. Folk kan gå nokså nære, utan at ormen reagerer. Men ikkje sett deg på den. Det er ikkje lurt for nokon.