Hopp til innhold

Dette synet fekk Torkel til å bykse i vêret

– Eg kvapp og gjorde eit kjempebyks, fortel askvollingen Torkel Mjåseth Kvammen. Allereie 18. mars møtte han på hoggorm.

Hoggorm i Kvammen 18. mars

EKKELT: Torkel Mjåseth Kvammen legg ikkje skjul på at han synest møtet med hoggormen var av det ufyselege slaget. Han fekk likevel knipsa eit bilete av den før han forta seg vidare.

Foto: Torkel Mjåseth Kvammen

På tur i Åsaholten i Kvammen i Askvoll sist fredag fekk han seg ein støkk.

– Eg heldt på å trakke på den. Den låg og bukta seg i graset, fortel Torkel om det han vil skildre som eit ublidt møte.

– Eg kan ikkje fordra dei, vedgår han glatt.

– Ikkje unormalt tidleg

Staden der han møtte på ormen ligg vel 300 meter over havet. Området er populært blant turgåarar, sjølv har han aldri sett orm der før.

– Eg trudde eg var trygg der, seier han med latter i stemma.

– Har du sett orm i området så tidleg før?

– Eg såg orm i fjor, den 24. mars, altså ei veke seinare. Men det var ein stad der det er mykje meir orm, fortel han og meiner begge deler er vel tidleg.

Og at det er tidleg kan Dag Dolmen, forskar og hoggormekspert ved NTNU, stadfeste.

– Det er nokså tidleg, men ikkje unormalt tidleg. Når vi går mot påske, så kjem dei første hoggormane fram og ligg i opninga av hiet og ventar på godvêr, seier han.

– Den angrip aldri

Dag Dolmen

DORSKE: Dag Dolmen seier hoggormane ein møter på tidleg om våren som regel er ganske dorske og treige i bevegelsane. Her er han avbilda ved ei anna anledning.

Foto: Privat

Og som med folk, så vil ormen ut for å nyte finvêret. I Kvammen møtte Mjåseth Kvammen på hoggormen etter nokre dagar med sol og vårleg varme.

– Blir det godvêr kryp dei ut og legg seg i solsteika, seier Dolmen og meiner det er den enkle forklaringa på ormeobservasjonen i Askvoll.

At det blir observert hoggorm tidleg på året treng slett ikkje å bety at det blir mykje orm til sommaren fortel Dolmen. Han seier bestanden i år vil vere mykje lik den var i fjor og året før.

Han er snar med å påpeike at folk uansett ikkje treng å vere engstelege for hoggormen.

– Den angrip aldri, men den kan forsvare seg. Så om du set deg på ein hoggorm, trampar på den eller kjem nærare enn 10–30 centimeter, så vil den rulle seg saman og setje seg til motverje, men då for å forsvare seg, seier Dolmen.

– Det er siste gongen eg går der

Det gode rådet hans til folk som skal ut i marka dei neste dagane og vekene er enkelt.

– Ta på støvlar eller anna godt fottøy. Om ein skal setje seg i solveggen kan ein undersøke litt i området rundt. Er der ikkje hoggorm, så er det berre å setje seg ned, seier Dolmen.

Torkel Mjåseth Kvammen har uansett lagt nye planar.

– Det er siste gongen eg går der, no går eg heller alle andre plassar.