Hopp til innhold

Dette synet er det få som får sjå i Norge - men Tore fanga det på film

Tore Næss og vennene trudde knapt sine eigne auga då dei såg skyformasjonane på Stad for to dagar sidan. Det gjorde ikkje meteorologane heller, då dei fekk sjå bileta ...

Skya sett inne frå bilen

UTRULEG: – Det var eit mektig syn, seier fotograf Tore H. Næss frå Grimstad, som fanga denne sjeldne skyformasjonen på Stad.

Foto: Tore H. Næss

– Dette er så kult at vi nesten har lyst til å hengje det på veggen. Slikt som dette ser ein svært sjeldan i Norge, seier vakthavande statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Geir Ottar Fagerlid.

Tore Næss og vennene frå Grimstad på Sørlandet har vore på ein liten rundtur på Vestlandet med veteranfolkevognbussen sin «Marie» frå 1985. Stoppen på Stad i Sogn og Fjordane vart meir spektakulær enn dei hadde venta.

– Eg har segla forbi Stad i seglbåt, så poenget med å dra dit var å få utsikta frå toppen, og frå bilen, seier Næss.

Båtar snudde då dei såg skyene

Men medan dei var der, drog vêret seg til. Og brått danna det seg ein vegg av skyer som omtrent kom rullande forbi Stad.

– Vi såg båtar som var på veg mot uvêret, men som snudde, naturleg nok. Det

Tore Næss

ARTIG: – Det er vel tvilsamt at vi får oppleve noko slikt igjen, seier Tore Næss.

Foto: privat

var utruleg flott å sjå på. Eg har aldri sett maken. Det var som ein vegg som rørte på seg, seier Næss.

Medan regnet sleppte laus frå oven, naut kameratgjengen uvêret og synet av skyformasjonane med ein kaffikopp i handa inne i «Marie».

– Vi hadde panoramautsikt til det heile. Det kan verkeleg anbefalast. «Marie» er vår billett til å komme seg ut i naturen, seier Næss, som saman med vennene fekk seg tur på både Skåla og Hoven medan dei var i Sogn og Fjordane.

Bussen Marie og den spesielle skya

MARIE OG SKYA: Veteranfolkevognbussen Marie og den heilt spesielle skyformasjonen.

Foto: Tore H. Næss

Har potensial til å bli ein tornado – men ikkje her

Meteorolog Fagerlid skulle meir enn gjerne vore med gjengen på Stad for å sjå på vêrfenomenet, som faktisk er så uvanleg i Norge at det ikkje har fått no godt norsk namn.

– Dette er langt vanlegare lengre sør på kontinentet. Det kallast ofte «shelf cloud», altså hylle-sky. Det kjem i samband med kraftige byer, då kan slike skyformasjonar dukke opp, seier Fagerlid.

Saman med resten av meteorologane på vakt, gjekk dei over vêrvarselet for Stad, som stadfesta at det på same tid som Næss og kompisane var på tur, var heftig byeaktivitet i området.

Geir Ottar Fagerlid, statsmeteorolog ved Meteorologisk institutt

SJELDAN: – Eg har aldri opplevd noko slikt. Men det skulle eg gjerne, seier statsmeteorolog, Geir Ottar Fagerlid.

Foto: Meteorologisk institutt

– Hadde dette vore i USA kunne den hatt potensial til å bli ein tornado. Men her i Norge er det ikkje nok energi i lufta. Men slike skyformasjonar kan lage kraftige kastevindar, seier Fagerlid, som er imponert over bileta.

– Dette er ikkje kvardagskost. Så her har Næss vore svært heldig, seier Fagerlid.