NRK Meny
Normal

Dette svevet har blitt til folkemusikk

Britt Pernille Frøholm frå Hornindal har laga ein hyllest til sambygding Anders Fannemel og hans utruleg verdsrekordhopp tidlegare i vinter.

Fannemel med et hopp på 251,5 meter og ny verdensrekord

BLIR FOLKEMUSIKK: I februar sette Anders Fannemel frå Hornindal ny verdsrekord i skiflyging med ei hopp på 251,5 meter. Det inspirerte ein sambygding til å skrive ei låt om svevet.

Låten «Fannemelsvevet» er første smakebit av det nye albumet frå folkemusikktrioen Maar. Tittelen på låten avslører kvar Frøholm henta inspirasjonen då ho skreiv låten.

– Det var veldig stas å sjå verdsrekordhoppet. Eg var ganske øsa og fann ut at eg skulle lage ein låt til han, seier ho.

Patriotisk folkemusikar

Frøholm har lenge budd i Oslo. No er ho på flyttefot til Gudbrandsdalen, men det er ingen tvil om at heimbygda har ein spesiell plass i livet hennar.

Så då Fannemel sette sitt djupe nedslag i Planica og verdsrekorden var eit faktum, banka det ekstra i blodpumpa.

Britt Pernille Frøholm

PATRIOT: Britt Pernille Frøholm er ein folkemusikar med sterke patriotiske kjensler til heimbygda.

Foto: Øystein Torheim

– Vi honndøler er i overkant patriotiske. Det er eg òg, så då må vi heie på kvarandre, seier ho.

Resultatet er ein munter komposisjon, som ho håpar fangar gleda og entusiasmen over ein stor idrettsprestasjon. Ho synst det er ekstra kjekt at nettopp Fannemel har blitt heile landet sin nye hoppyndling.

– Eg synst det er flott å sjå at ein jordnær fyr, som har jobba hardt, endeleg byrjar å gjere det bra, seier ho.

Hektisk haust for Frøland

Gruppa starta å lage nye låtar i januar. Innspelinga er nettopp unnagjort, det skjedde i mai og juni. Parallelt jobbar Frøholm med ei ny plate med gruppa Boreas. Begge albuma kjem til hausten, deretter startar eit hektisk turneliv.

– Det er ikkje mykje tid til å kvile, det får eg ta til ein annan gong, seier Frøholm.

Plateslepp inneber mykje nervar. Frøholm, som bidreg med fleire av dei eigenkomponerte låtane, går ei ekstra spanande tid i møte.

– Det er jo klart, du utleverer deg sjølv. Og så har du lyst på gode kritikkar, men slikt umogleg å spå, seier ho.

Før det brakar laust har ho tenkt å bruke sommaren til å samle krefter. Forhåpentlegvis blir det òg tid til ein tur heimom.

– Hornindal har betydd veldig mykje for meg. Det er der eg er ifrå og der eg har min musikalske bakgrunn, seier ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.