Hopp til innhold

Dette snøskredet tok med seg Jan Bjarte

På ein heilt vanleg skitur oppdaga den røynde fjellmannen at han var nokre meter høgare oppe enn han trudde. Meir rakk han ikkje tenkje før grunnen forsvann under han.

Snøskred i Gjesdalsdalen i Jølster

RASET: Snøskredet som tok Jan Bjarte Skrøppa i Gjesdalen.

Foto: Jan Bjarte Skrøppa

– Eg skal vere glad for at eg er her i dag. Oppegåande og i det heile tatt i live, seier Jan Bjarte Skrøppa.

I førre veke gjekk han ein skitur som fort kunne vore hans siste. På veg i Gjesdalen i Jølster hadde han plutseleg gått 10–20 meter lenger oppe enn han trudde, då han vart feia nedover fjellsida.

Til alt hell kom han frå hendinga med ribbeinsbrot. For vinteren 2018/2019 har vore den dødelegaste skredsesongen på fleire år, meiner forskar.

Jan Bjarte Skrøppa

HELDIG: – Eg er heldig som kom frå raset i live, og utan alvorlege skadar, seier Jan Bjarte.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Lite snø er også farleg

Dei siste vekene har faren for flakskred vore betydeleg i Sogn og Fjordane. Lite snø i fjellet betyr slett ikkje at snøfaren er vekke.

– Sjølv om snømengdene er små, er det meir enn nok til å gå skred. Det kan faktisk vere at oppbygginga av snøen er farlegare når det er så lite, seier fjellførar Sander Buene.

Det er ikkje vanskeleg for ein skiløpar åleine på tur å utløyse eit skred. Og sjølv om Jan Bjarte er ein rutinert turmann og ingenting tilsa at denne turen skulle bli farleg, gjekk det gale.

– Eg gjekk nesten og irriterte meg over kor lite snø det var. Terrenget er relativt flatt og fint, sett bort ifrå punktet der det gjekk gale, fortel han.

Snøskred i Gjesdalsdalen i Jølster

TILBAKE TIL RASSTADEN: Jan Bjarte Skrøppa måtte tilbake for å sjå der raset gjekk.

Foto: Jan Bjarte Skrøppa

Mista bevisstheita

Skrøppa rakk ikkje tenkje mykje før bakken forsvann under føtene, og han rasa nedover i eit terreng med mykje tre og stein.

– Det var som å vere i lause lufta. Eg fekk eit hardt og brutalt møte med ei bjørk, men elles hugsar eg ingenting.

Då han etter kvart kjem til seg sjølv att, trur han med ein gong at han har ramla. På legevakta fekk han sjekka det han seier er bagatellar.

– Eg er veldig heldig for at eg berre kan klage på verking i ribbein, ein fot og halsen. Eg slapp unna utan alvorleg skadar, seier han.

Les skredvarselet nøye

Sjølv om ein ikkje ser fareteikn, betyr ikkje det at det ikkje er rasfarleg, seier fjellførar Buene. Han har klare oppmodingar til folk som skal ferdast i fjellet:

– Om det drønnar eller sprekk i snøen, eller om vinden transporterer snø, då skal du ta det på alvor.

Ein skal også alltid sjekke skredvarselet nøye.

– Ein må lese den teksten som står på skredvarselet, følgje med på ferdsleråda, og sjå på snøen i kombinasjon med terrenget. Det er ikkje store skred som skal til for at det kan oppstå farlege situasjonar, åtvarar Buene.