NRK Meny
Normal

Dette skjedde medan vegen var stengt i tre veker

E16 Filefjell var stengd i tre veker i byrjinga av juni. No kan du sjå arbeidet som vart gjort på eit og eit halvt minutt.

Statens vegvesen utbetrar strekninga frå Smedalsosen til Varpe bru på E16 over Filefjell, ei strekning på 20 km. No er dei ferdig med litt av arbeidet, men vegen vil ikkje vere ferdig før hausten 2017.

– Det er ei lang strekning vi jobbar på. Seks kilometer skal ligge i tunnel, medan 14 kilometer skal bli heilt ny veg, fortel byggeleiar Harald Stadheim.

Mykje av vegstrekninga har i dag grusdekke og gjenbruksasfalt, dette skal no endrast på.

– Vi har løfta vegen seks meter og den skal bli breiare, større og få heilt nytt dekke. Grunnen til at vi løftar vegar er at den skal vere mindre utsett for vinterstenging, ved at snøen lettare bles vekk, seier Stadheim.

Byggeleiaren er godt nøgd med arbeidet så langt.

– Vi fekk gjort meir enn vi hadde tenkt i vinter. Det var rett nok ganske ruskete vêr, men det var ikkje så kaldt, fortel Stadheim.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen