Hopp til innhold

Slik viser trailersjåføren sitt syn på kvar E39 bør gå

Med eit stort skilt i fronten på semitraileren, vekkjer Tore Olsen merksemd. Det er ikkje tvil om kvar han meiner vegen bør gå.

Semitrailer til Olsen Transport

KLAR TALE: Den flunkande nye semitraileren til Tore Olsen har eit heilt spesielt skilt i fronten.

Foto: Tore Olsen

– Folk får noko å snakke om og har fått mykje ros. Det er jo eit blikkfang, seier han.

På den splitter nye semitraileren har han festa eit litt spesielt skilt. Her viser han klart kvar han meiner ein framtidig E39 bør gå.

– Det står «E39 midtre» i fronten på semitraileren, for det er der eg tykkjer vegen skal gå. Det er vanvitig om vi må køyre langt inn i fjorden for å komme oss over Nordfjorden, seier han til NRK.no.

– Viktigast med gode vegar

Spørsmålet om kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord har splitta regionen. Dei som vil ha traseen som den går i dag, og dei som vil ha stamvegen lagt i tunnel under Utvikfjellet og bru over til Svarstad. Også i regjeringa er det usemje. Senterpartiet tviheld på midtre og Arbeidarpartiet det same på indre.

Tore Olsen driv Olsen Transport saman med bror sin. Dei held til på Raudeberg i Vågsøy og har åtte bilar.

Olsen køyrer mykje frå Måløy til Sandane, Førde og Bergen. Difor meiner han at vegen bør gå via Anda – Lote for å spare tid og pengar.

– Vi kan godt krysse her utan bru også. Det viktigast for meg som køyrer mykje, er gode vegar mellom ferjene. Då skal vi heller klare oss med ferjer i framtida også. Eg er i alle fall ikkje interessert i å køyre langt for å krysse fjorden.

Tente på ideen

Men midtre alternativ med kryssing Anda – Lote er berre det nest beste alternativet for Tore Olsen.

– Aller helst ville eg hatt ei god veg heilt ytst ved kysten, men det er vel urealistisk no.

Han har køyrt rundt med skiltet «E39 midtre» sidan august, då den flunkande nye Volvoen blei vist fram på ei utstilling på Stårheim. Ideen om det spesielle skiltet kom då han snakka med nokre karar.

– Eg kan ikkje ta æra for ideen, men eg tente på den. Det er eit bra blikkfang. Bilen i seg sjølv er spesiell og den første i Nordfjord av dette slaget. Med skiltet får den enno meir merksemd, fortel han.

– Nokre seier det er for gale

Og det har vanka både negative og positive reaksjonar. Mest positive ifølgje Olsen.

– Eg har fått reaksjonar frå alle hald. Mange tykkjer det er flott at dette kjem fram og seier at eg må stå på. Særleg folk frå indre Nordfjord seier at dette må eg fjerne og at det for gale å ha skiltet på bilen, ler han.

Olsen køyrer ein del spesialtransport og neste gong han skal ut med ei slik last, må E39-skiltet vike.

– Då blir det på med skilta der det står anten brei eller lang transport.

Ikkje den store diskusjonen

Men sjølv om Tore Olsen ønskjer eit midtre alternativ, seier han at folk i Vågsøy ikkje er så veldig opptekne av kvar vegen skal gå.

– Her i ytre strok snakkar vi ikkje så mykje om det. Vi må vel til Eid og Stryn for den store diskusjonen.

– Ventar du i spenning på kva regjeringa kjem fram til når det gjeld fjordkryssing?

– Det aller viktigaste for meg som køyrer mykje, er altså at vegane mellom ferjene er best mogleg, seier han.