Hopp til innhold

Dette skiltet gjorde kampen om vegkronene lettare

– Det er klart at når Olden – Innvik vart kåra til «Norges verste veg», så har det vore eit enkelt bodskap å nå fram med, seier ordførar Sven Flo.

Sven Flo, Jenny Følling og Dina Lefdal under vegopninga ved Vanbergtunnelen

Ordførar i Stryn, Sven Flo (H), fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp) og Dina Lefdal som er direktør for samferdsle i Sogn og Fjordane.

I førre veke kunne ordføraren i Stryn endeleg skru ned det lite flatterande skiltet.

– Det at denne vegstrekninga har fått så mykje omtale opp gjennom åra, og har vore definert som «Norges verste veg», har vore viktig for marknadsføringa av kor dårleg denne vegen har vore seier Flo.

Vegstrekninga langs Nordfjorden har hatt eit rykte som har vore kjent i heile landet. I 2009 vart den smale og svingete strekninga også peika ut som «Norges verste veg» i ei kåring i Nettavisen.

Blir lagt merke til

I løpet av eitt døger etter at NRK inviterte lesarane til å kome med sine forslag til kva vegstrekningar som fortener å arve den heller tvilsame tittelen, har det kome inn over 1100 forslag frå heile landet.

– Det syner med all tydelegheit behovet for vidare satsing på veg, seier Helge Orten, som er leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Helge Orten

KÅRING: Helge Orten (H) er leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Foto: Roar Halten / NRK

Orten seier dei er i gang med å få redusert etterslepet på fylkes- og riksvegnettet, men vedgår at dei framleis har ein jobb å gjere i heile landet. Samstundes pågår det no og ein kamp om kva vegstrekning som skal overta tittelen som «Norges verste veg».

– Ei slik kåring er både ein artig og mindre artig måte å synleggjere at her er det eit stort behov, at det framleis er mange vegstrekningar som må utbetrast, seier Orten.

Dårlege vegar

Kanskje blir det Stryn igjen

I Stryn levde dei med tittelen «Norges verste veg» i ni år før ordføraren endeleg kunne skru ned skiltet. Han er klar på at ei slik kåring ikkje automatisk løyser problema for arvtakaren.

– Ei slik kåring og eit skilt kan vere med å marknadsføre ei dårleg vegstrekke, men det må leggast langt meir arbeid ned i ein slik prosess. Det må jobbast knallhardt kvar dag, og ein må få med seg gode alliansepartnarar, seier Flo.

Ikkje er det sikkert at han vil gi frå seg skiltet med det første heller.

– Eg har vore innom og kikka på saka til NRK, og ser det er kome inn fleire forslag på vegstrekningar i Stryn, så kanskje vi kjem til å behalde skiltet også i framtida, ler stryneforføraren.

Seinare i veka vil NRK komme tilbake med ei avrøysting, for ei uoffisiell kåring av landets verste vegstrekkje.