Hopp til innhold

Dette skal staten gjere for å unngå meir toalettkaos

Parkeringsavgifter, nye rasteplassar og eit lager av reservedelar er nokre av tiltaka for å unngå ein ny sesong med skjemmande toalettopplevingar for turistane.

Senja

GULLDASS I NORD: «GULLDASSEN»: Prislappen på dette toalettet i Ersfjord ved den nasjonale turistvegen på Senja i Troms er 3,75 millionar kroner.

Foto: Linda Pedersen / NRK

Nokre av anlegga til Nasjonale turistvegar opplevde turistsesongen 2017 ein så stor pågang at toaletta gjekk tette og søppelet flaut. No håpar dei å rette på inntrykket.

– For oss som lagar nasjonale turistattraksjonar for å trekke turistar til Norge, så er det heilt avgjerande at vi får til dette med drift og vedlikehald, seier seksjonsleiar Jan Andresen i Nasjonale turistveger.

Nasjonale turistvegar vil bruke om lag 80 millionar kroner fram mot neste turistsesong.

Reservedelar

Ved Stegasteinen på den Nasjonale turistvegen Aurlandsfjellet var turistar i sommar skaka over toaletttilhøva. Etter kvart som sommaren gjekk, kom fleire grelle dømer på kva infrastruktur turistane vert møtt med på sitt Norges-besøk. Frå Lofoten i nord til Sunnmøre i vest.

Stengt toalett Stegastein

STENGT: I sommar måtte vakuumtoalettet ved Stegasteinen stenge. Neste sommar skal vassklosett vere på plass.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– I Lofoten driv fylkeskommunen på med ein besøksstrategi så ting vert sett i samanheng. Enkelte plassar på Helgelandskysten treng òg oppfølging, seier Andresen.

Statens vegvesen opplyser til NRK at dei no sikrar seg viktige reservedelar, samt vil vere raskare på plass med mobile toalett for å unngå tilgrising av område rundt rasteplassar, dersom toalett skulle gå tette.

Kven tek rekninga?

I Lofoten har reiselivet leita etter finansieringsløysingar av fellesgoda. Nokre har foreslått ein inngangsbillett til heile regionen, andre ein turistskatt, eller ein auke i momsen for reiselivet i regionen mot at den skulle bli ført tilbake til eit fond.

Ingen av forslaga har blitt vedteke.

– Vi har vore i mot ein turistskatt fordi kostnadsnivået i Norge alt er så høgt, at ei kvar ekstra avgift vil slå negativt ut for næringa, sa Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv i sommar.

I haust har regjeringa foreslått å auke momsen på reiselivet frå 10 til 12 prosent.

Hans Fredrik Sørdal i Flakstad

POPULÆR KOMMUNE: Det bur dryge 1300 innbyggarar i Flakstad, men på sommaren aukar folketalet sterkt, seier ordførar i Flakstad, Hans Fredrik Sørdal.

Foto: John Inge Johansen / NRK

– Det er tydeleg at når staten trenger meir pengar, er det enkelt å hente det inn gjennom moms, men når kommunane ber om auka overføringar er det vanskeleg, seier ordførar i Flakstad, Hans Fredrik Sørdal.

ABC for toalettproblem

I Sogn og Fjordane får no alle kommunar brev frå ei utolmodig reiselivsnæring. Brevet er ein ABC om korleis ta fatt på å løyse toalettutfordringar og handtering av søppel.

– No må kommunane ta ansvar og kartlegge kvar vi har utfordringar, dei må setje av pengar og ressursar, krev leiar Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord.

Han tvilar på at alt er i orden til komande sesong, og er uroa for at skjemmande bilete i sosiale media skal skremme turistar.

– Dette må dei ta på alvor, dette kan ikkje næringa verken ta rekninga eller driftsansvaret for, seier Brandshaug.

Fylkeskommunen i Nordland har tilsett to stillingar for å ta seg av besøksforvaltning .