NRK Meny
Normal

Tre nye tiltak skal trygge bussjåførar og passasjerar

Ingen kontantar, videoovervaking og alarmknapp er tiltak som skal gjere arbeidet til bussjåførar tryggare. Tiltaka kjem i kjølvatnet av trippeldrapet i Årdal, der to passasjerar og bussjåføren vart drepne.

Buss

BETRE SIKRING I BUSS: Det har kome forslag til fleire tiltak som skal trygge kvardagen for sjåførane og passasjane.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Jon H. Stordrange

HAR LEIA ARBEIDET: Administrerande direktør Jon H. Stordrange i NHO Transport seier utvalet har sett nærare på fleire tiltak i bussane.

Foto: Skattebetalerforeningen

– Etter at tragedien i november var eit faktum, var vi einige med Yrkestrafikkforbundet og Transportarbeiderforbundet om å opprette eit felles utval for å sjå på tryggleiken, seier administrerande direktør Jon H. Stordrange i NHO Transport.

Vil ikkje diskriminere eller stigmatisere nokon

Utvalet som Stordrange har leia, har både sett på korleis ein kan hindre at persona med uønskja åtferd tek buss i utgangspunktet og kva fysiske tiltak ein kan gjere for å sikre buss-sjåfør og passasjerar. Utvalet møtte Politiets Utlendingsenhet og Utlendingsdirektoratet.

– Ein asylsøkjar som har fått avslag på søknaden og skal sendast ufrivillig ut av Norge, kan ha komme i ein vanskeleg situasjon og gjere ting ein ikkje burde gjort.

Stordrange og utvalet møtte også Kriminalomsorgen, fordi soningsdømde vert sendt på buss. Utvalet vil at det skal bli same praksis ved busstransport som ved utsending av asylsøkjarar på fly – nemleg at buss-sjåføren får beskjed om at vedkomande er vurdert til ikkje å utgjere nokon fare.

– Det har Utlendingsenhet sagt ja til, medan UDI har større problem med å få til ein slik rutine. Vi ønskjer ikkje å stigmatisere eller diskriminere asylsøkjarar. Vi må finne rutinar som gjer at det ikkje verkar diskriminerande eller skaper problem for asylsøkjarar. Dette skal berre gjelde asylsøkjarar som har fått avslag på søknaden om å bli i Norge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Busstragedie på Valdresekspressen

VIL HA VARSLING: Etter drapa på Valdresekspressen i fjor haust har busselskapet og Norway bussekspress bede om ei varslingsordning når asylsøkjarar blir transportert.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Tre fysiske tiltak

Det går difor mot eit nytt møte i mai for å bli samde om ny praksis. Men utvalet er blitt samde om tre fysiske tiltak alle bussar bør få. Stordrange meiner det viktigaste tiltaket er å få vekk kontantar frå bussar, deretter vil utvalet ha på plass ein alarmknapp og videoovervaking i buss.

– Det er viktig å få på plass ein alarmknapp som går til busselskapa sine sentral. Denne kan trykkast på i farlege situasjonar slik at naudetatar kan varslast ved behov. Vi ønskjer også meir bruk av video for å få eit overblikk over kva som skjer i bussen og i etterkant sjå kva som har skjedd. Dette kan vere nyttig i til dømes saker der det har blitt gjort hærverk.

– Når desse tre tiltaka er på plass, korleis trur du dette vil trygge kvardagen til bussjåførane?

– Eg trur det vil få ein positiv effekt, spesielt det med å få vekk kontantane.

Trur det kan hjelpe

Bussjåfør Arne Kjell Fimland hos Firda Billag seier det er bra at det blir sett i verk tiltak.

– Eg føler meg ikkje akkurat utrygg, men tenkjer spesielt på langturane at det er ein del pengar i veska. Det er greitt å bli kvitt kontantane. Videoovervaking kan vere greitt å ha i ettertid om det skulle sjå noko. seier han.

Tiltaka vil bli lagt fram for fylkeskommunar som driftar bussruter og private buss-selskap som driv ekspressbussrutene, slik at dei kan ta det inn i komande anbod.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå