Hopp til innhold

Dette skal få idrettstalenta til å bli i fylket

SANDE (NRK): Eit nytt høgskuletilbod skal sikre at toppidrettsutøvarar blir verande att i fylket og studere, og samstundes satse på idretten.

Mathias Loftesnes jublar for poeng

VIL BLI I TOPPEN: Men for at Førde volleyballklubb skal klare det, er dei avhengige av å halde på gode spelarar. Seinast laurdag synte dei kva som bur i laget, då dei og Mathias Loftesnes (biletet) vann over NTNUI i semifinalen i eliteserien, i Gaularhallen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Målet med mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane og Olympiatoppen er å sikre å fleksibilitet til å kunne både studere og drive med idrett på toppnivå.

Tilbodet har eksistert ei stund allereie, men har blitt meir kjent no etter at Førde volleyballklubb tok initiativ til eit informasjonsmøte der alle idrettar vart inviterte. Tilbodet vil bety enormt mykje for volleyballklubben, som ønskjer å bruke tilbodet aktivt.

– Denne sesongen har satsa veldig på unge talent. Dei ønskjer vi å halde på i Førde i meir enn ein sesong. Får vi dei inn på Høgskuleutdanning, så vi er sikra ein god spelarstall i tre-fire år framover, seier Jan Ove Hafstad, styremedlem og eldsjel i klubben.

Vanskeleg å halde på spelarar

Herrelaget til Førde vann i helga den første semifinalen i sluttspelet i eliteserien. I januar tok dei NM-gull. Etter ein periode med ikkje fullt så gode resultatet, har laget klatra heilt til toppen. Tilbodet ved Høgskulen vil ha alt å seie for at dei kan byggje vidare på dette, trur Hafstad.

– Som dugnadsklubb er vi ikkje i stand til å byggje opp eit slikt lag kvart år, så vi er nøydde til å satse på dei unge spelarane vi har, og få dei til å bli verande og bli endå betre.

I Sogn og Fjordane idrettskrins er dei også svært glade for tilbodet.

– Det er ein unik moglegheit for toppidrettsutøvarar å få tilrettelagt studie, for å kunne bu i fylket og studere, og samstundes satse på idretten sin. For idretten her i fylket så er dette kjempeflott, seier Ingrid Narum i krinsen.

Tilpassar studiet til sporten

Ho seier at det har blitt tilrettelagt for toppidrettsutøvarar på Høgskulen tidlegare, men at det er viktig å få eit fast tilbod.

– Det har kanskje vore meir tilfeldig om ein har fått tilrettelegging og korleis, så eg tenker det er veldig bra ein får formalisert ein avtale og at fleire blir klar over det.

Krava for kunne nytte tilbodet varierer frå idrett til idrett, men dei generelle krava er mellom anna at ein må vere utøvar, eller aktuell utøvar, for landslag eller eliteserielag.

– Om ein kjem inn på studiet, så tek ein kontakt med toppidrettskontakten på Høgskulen, som ser korleis dei kan leggje til rette på studiet. Det vil vere forskjellig frå studium til studium, det er ikkje alt som går an å få lagt til rette. Noko er obligatorisk, men Høgskulen vil heilt klart strekkje seg for å legge til rette både studiet, eksamenar og diverse, seier Narum.

For Førde volleyballklubb det dette nærast eit kvantesprang, meiner Hafstad. Han håpar spelarane grip sjansen.

– Då er det kjempehåp for volleyballklubben i Førde.