Dette skal du aldri gjere i kolonnen

– Du skal aldri køyre ut, eller prøve å snu i kolonnen. Ein skal alltid følge kolonnen.

Kolonnekøyring

MANGE: På fleire fjellovergangar i Sør-Noreg er det kolonnekøyring på grunn av dårleg vêr og vanskelege køyreforhold.

Foto: Colourbox/Trygg Forsikring

Det er trafikkoperatør Roger Nedberge Hille si klare oppmoding til dei mange bilistane som i dag må følgje kolonne over dei ulike fjellovergangane i Sør-Noreg.

Roger Nedberge Hille

TRAFIKKOPERATØR: – Du skal aldri køyre ut, eller prøve å snu i kolonnen. Alltid følg kolonnen. Og aldri bruk mobiltelefonen, seier Roger Nedberge Hille.

Foto: Jan Christian Jerving

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel på gult farenivå for heile fjellet i Sør-Noreg på grunn av vanskelege køyreforhold.

– Du køyrer kolonne på grunn av dårleg sikt, sterk vind eller ein kombinasjon av dette. Det i seg sjølv er krevjande nok når ein til tider ikkje ser vegen, seier Hille.

– Bruk naudblink

Kolonnekøyring og stengde fjell er det du treng minst når uvêret herjar og du berre vil nå fram. Men slik er situasjonen over store delar av Sør-Noreg i dag. Mellom Aust- og Vest er berre E16 over Filefjell som er ope.

Kolonnene går oftast med 25 bilar i slengen, med følgebil både framme og bak. Då kan det også vere greitt å følgje ein del spelereglar.

– Alle må, bør og skal bruke naudblinken for å vere godt synlege. Hald augekontakt med bilen framføre, og er det glatt så er det lurt å halde jamn fart så ein unngår «køyr og stogg». For å hindre at snøen legg seg på frontruta, så kan det også vere lurt å køyre luftanlegget med kaldluft ei god stund på frontruta før du køyrer, seier han.

Ikkje gå ut av bilen

Vêret på fjellet kan gå frå sol til snødrev på få minuttar. Og timane kan gå fort. Søndag kveld tok det til dømes to til tre timar per runde over Hemsedalsfjellet.

Espen Opedal, sjef i Tryg Forsikring, legg til at ein aldri må gå ut av bilen om det skulle bli stopp i kolonnen.

– Folk har blitt påkøyrde, seier han.

– Kan vere stressande

Er det fare for å hamne i bilkø med vinterstormen herjande utanfor, så kan ein ta forholdsreglar allereie før ein set seg i bilen.

Brøytemannskap kan avvise trafikantar dei trur kan få problem.

– Av og til må folk stoppe fordi det snør så tett at dei ikkje ser verken veg eller bil framføre seg, seier Hille og legg til at det då er lurt å vente til ein ser og kan følgje spora til bilen framføre.

– Får folk problem, så er det uansett ein brøytebil eller ledebil bak i kolonnen som plukkar opp dei som ikkje klarer å komme seg vidare, avsluttar han.