Hopp til innhold

Slik dansa nordlyset over Vestlandet

– Eg trudde eg hadde sett det meste frå verandaen min. Men i går vart eg heilt sett ut, seier Truls Kleiven om søndagens nordlysshow over Florø.

Nordlys over Måløy
Foto: Per Oldervoll

Og fotografen frå kystbyen var ikkje den einaste som vart imponert over lysspelet.

– Personleg tykkjer eg dette var av dei betre framsyningane nordlyset har hatt dei siste åra. Spesielt vakkert var det med nordlyskrona som strålte ut til alle kantar, rett over hovudet, fortel hobbyastronom og fotograf Runar Sandnes på Reed i Gloppen.

Sandnes har eit automatisk takmontert kamera, som tek bilete kvart minutt gjennom heile døgnet. Såleis foreviga han nordlyset søndag kveld både med timelapse-sekvens og stillbilete.

Timelapsen til Runar Sandnes viser tydeleg tre kraftige toppar i nordlyset.

TIMELAPSE: Runar Sandnes tok timelapse-sekvensen ved hjelp av eit automatisk kamera på taket. Kameraet tek bilete kvart minutt gjennom døgnet. Nord er opp på biletet, medan sør er nederst. Synsfeltet er 360 grader. (FOTO: RUNAR SANDNES)

– Eg brukte eit 14mm vidvinkelobjektiv for å få stort nok synsfelt. Det var til og med for lite til tider, seier han og legg til at nordlysaktiviteten var venta. Jorda passerer gjennom ein straum av solvind.

Allereie tidleg søndag kvelden vart himmelen dekt av eit svakt grønskjær.

– Dette var òg synleg lågt på himmelen i sør, noko som tyder på at nordlysovalen, som vanlegvis ligg over Tromsø, har blitt pressa langt nedover i landet, seier Sandnes.

Tok du bilete av nordlyset? Send det til oss på sf@nrk.no eller bruk #nrksf på instagram.