NRK Meny
Normal

Betre opplæring skal sikre tryggare vegar

– I Sogn og Fjordane har me hatt mange ulykker som faktisk kunne vore unngått dersom last hadde vore betre sikra og køyretøyet betre skodd, meiner Arne Larsen Island i Vegdirektoratet.

Hver femte fikk kjøreforbud

TRYGGARE VEGAR: Vegdirektoratet håper på tryggare forhold på vegane gjennom prosjektet sitt 'Trygg Trailer'. Mange utanlandske sjåførar er ikkje godt nok førebudd på norske forhold melder direktoratet. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Statens Vegvesen

Direktoratet har sett i gang prosjektet "Trygg Trailer" i eit forsøk på å gjere jobben tryggare for yrkessjåførane, og vegane tryggare for alle.

– Me sjekkar dekk, og ikkje minst last, for å vite at dette blir frakta på forskriftsmessig måte. Vi viser også korleis sikring best bør gjerast, seier Larsen Island i prosjektleiargruppa.

Bremanger lensmannskontor er blant dei som forsøker å få bedrifter med på prosjektet i Sogn og Fjordane. Lensmann Hans Rune Strandos meiner at med vinteren over oss, er dette særleg viktig.

– I vår kommune er det ei bedrift som er med så langt, men me håper å få med fleire. Me gjer dette for å få tryggare vegar. Desse bedriftene har mykje transport frå og til, og vil gå inn for å trygge vegane gjennom å delta på dette prosjektet, seier han.

Farleg vinterføre

Hans Rune Strandos

POSITIV: Lensmann Hans Rune Strandos i Bremanger trur prosjektet kan gjera vegane tryggare i vinter.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

«Trygg Trailer» går ut på at bedriftene som melder interesse får besøk av Vegvesenet. Dei går over trailerane og sjekkar at dei er rusta for Norske vegar og krevjande forhold.

Om ein ser ut vidauget no. så har det begynt å verta vinter faktisk. Me ser snøen i fjella. Vegane vert glatte og det fører gjerne til problem i trafikken, og dei som merkar det best er gjerne trailertrafikken. Då gjeld det å blant anna passa på at vogntoga er best mogleg skodd og at kjettingane er med, oppmodar Strandos.

Erfaring frå tidlegare år tilseier at det kan verta store problem om ikkje sjåførane tek vêr- og føreforhold på alvor.

– Med fjellovergangane me har her i distriktet så opplever me kvar vinter mange vogntog som slit med å kome seg over. Dette kunne vore unngått om dei var betre førebudd, seier lensmannen.

Fordel for alle

Arne Larsen Island i Vegdirektoratet melder om ein mottakeleg transportbransje.

– Dette er bedriftene interessert i. Dei er interessert i å få ein tryggare arbeidssituasjon.

Men det er ikkje berre dei med vegen som arbeidsplass som dreg fordel av «Trygg Trailer».

– Prosjektet er til alle sitt beste, ikkje berre yrkessjåførane. Det vil gje alle ein tryggare veg og ein tryggare kvardag.

– De kontrollerer og lærer opp yrkessjåførar i trygging av køyretøy, burde dette strengt tatt vera nødvendig? Bør dei ikkje kunne desse tinga?

– Jo, og det gjer dei nok, men me lærer også opp mange utanlandske sjåførar understrekar han.

Ikkje alle er vane med norske forhold

Noko av problemet på vegane kjem av at ikkje alle sjåførane er vane med norsk vinterføre. Utanlandske sjåførar treng opplæring og kan dra stor nytte av rettleiing meiner han.

– Desse kjem gjerne til Norge utan å vera vane med glatt før og vanskelege forhold.

Fisketønner ramla av lastebil

MISTA LAST: 50 tønner med fisk ramla i vegbana då finnen bremsa opp på veg over Ålfotfjellet.

Foto: Politiet