Hopp til innhold

Orgelet var nyrestaurert - no er det øydelagt

EID (NRK): Orgelet som i natt vart øydelagt i Eid kyrkje, vart nyleg restaurert for 2,5 millionar kroner.

Kristen Hundeide

ØYDELAGD: Pipene er bøygde på det nyrestaurerte orgelet i Eid kyrkje.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Kyrkjeorgelet vart teke ut av teneste i 2014 og var fram til for tre veker sidan til restaurering.

I natt fekk det store skader då ein rusa mann i 20-åra braut seg inn og gjorde omfattande skadeverk i kyrkja.

– Det er veldig omfattande skader på orgelet. Eg trur skadene er over ein million berre der, seier kyrkjeverje Kristen Hundeide.

Totalreinse kyrkja

Skader på Eid kyrkje

BØYGDE: Delar av kyrkjeorgelet vart restaurert i England. Slik ser pipene etter skadeverket i natt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Hundeide vart vekt i 01.20-tida i natt då brannalarmen til kyrkja vart utløyst. Den sikta knuste eit vinduge og tømde brannsløkkingsapparat inne i kyrkja.

Kyrkjeverjen vurderer skadene til å vere på mellom ein og to millionar kroner.

– I tillegg til orgelet må vi totalreinse kyrkja. Den er heilt dekt av støv frå brannslukkingsapparatet. Vi veit ikkje om det er skade på dekor og måleri, seier han.

Renoverte orgelet

For det er ikkje berre orgelet som representerer store verdiar i kyrkja. Innvendig er den pryda med kring 100 år gamle måleri av Lars Kinsarvik. Kyrkja i Eid har nett lagt ned stort arbeid for å berge den unike kyrkjekunsten.

Kristen Hundeide og Kåre Mikal Kristoffersen

SJOKKERTE: Ungdomsprest Kåre Mikal Kristoffersen og kyrkjeverje Kristen Hundeide er sjokkerte etter skadeverket.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Dei er måla direkte på tømmeret, så dei er uerstattelege, seier Hundeide.

– Det er vanskeleg berre å snakke om det. Eg forstår ikkje kvifor nokon kan gjere noko slikt. Dette får store følgjer for eit heilt lokalsamfunn, seier ungdomsprest Kåre Mikal Kristoffersen.

– Kjipt og vondt

Kristoffersen fekk bodskapen frå kyrkjeverjen då han kom på jobb i dag tidleg.

– Eg tykkjer også synd på personen som har gjort dette. Det er utruleg kjipt, og det gjer rett og slett vondt, seier han.

– At nokon bryt seg inn i eit hus for å sjå etter verdisaker kan eg til ein viss grad skjønne, men at det skal vere naudsynt å utføre slike skadeverk som dette er heilt uforståeleg. Eg synest det er tragisk, legg Hundeide til.