Hopp til innhold

Dette meinte politikarane i landbruksdebatten

SANDANE (NRK) Politikarane vart kalla inn for å svare på korleis dei meiner landbruket bør vere i framtida. Sjå kva dei svarte.

Politikarar frå sju parti møttest til debatt under fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag.

Sjå heile debatten i opptak her.

Sogn og Fjordane Bondelag inviterte listetoppane til stortingsvalet til å fortelje korleis dei vil jobbe for å utvikle landbruket i Sogn og Fjordane.

Debatten var ein del av fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Bondelag. Den kom til å dreie seg om heile spekteret av produksjonar i Sogn og Fjordane og kva vilkår desse skulle ha framover.

Sju parti møtte, med stortingskandidatane Tore Storhaug (KrF), Anders Kristian Sægrov (H), Britt Dalsbotten (Frp), Hege Lothe (SV), og stortingsrepresentantane Liv Signe Navarsete (Sp), Ingrid Heggø (Ap) og Sveinung Rotevatn (V).

NRK sende direkte frå debatten. Sjå heile debatten i opptak over.