Hopp til innhold

Dette meiner politikarane i din kommune

Om få veker er det klart for kommune- og fylkestingvalet. Dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane har forskjellige utfordringar. Her kan du lese om dei viktigaste sakene i kommunen din.

Vallogo

ASKVOLL: Engebøsaka deler Askvoll

Askvoll rådhus
Foto: Gunnhild Årdal / NRK

I ein kommune med stor semje i dei fleste saker, kan striden om sjødeponi i Førdefjorden bli viktig i årets valkamp.

AURLAND: Sp-Underdal: – Distad har gjort for lite for å løysa cruisekonflikten

Ivar Bjarne Underdal
Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me kan ikkje akseptera aksjonsformer som seier at turistane ikkje er velkomne hit, svarar ordførar Noralv Distad på kritikken frå Sp sin ordførarkandidat Ivar Bjarne Underdal (biletet).

BALESTRAND: Lurer ikkje på kva dei skal stemme etter at dei mista skulen sin

Renate England og Gunn Linde
Foto: Tone-Merete Lillesvangstu / NRK

Nessingane Renate England og Gunn Linde er ikkje i tvil om kva parti dei skal stemme på under årets kommuneval. Det har den oppheta skulenedlegginga i kommunen sytt for.

BREMANGER: Bremanger ser framover, men er usamde om veg og ferjer

Forsidebilete Bremanger
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Etter fleire år der Terra-skandalen har prega kommunebudsjetta i Bremanger, kan ein no sjå framover. Og med frigjorde millionar, håpar politikarane at kommunen får vind i segla.

EID: Ap og Sp planlegg å kuppe makta

Siri Sandvik og Sigurd Reksnes

Allereie fleire veker før valet har Senterpartiet og Arbeidarpartiet i Eid inngått samarbeid. Målet er å ta makta ifrå Venstre som har dominert i Eid-politikken dei siste fire åra.

FJALER: Strid om skulenedlegging utfordrar Helle

Guddal skule
Foto: Ottar Starheim / NRK

Vil spørsmålet om skulenedlegging vere det som hindrar Arve Helle i å få sin fjerde periode ved makta i Fjaler?

FØRDE: Kva blir den neste store saka i Førde?

Helge Robert Midtbø
Foto: Eirik Hildal / NRK

Det har vore flust med store og dels omstridde saker i Førde-politikken dei siste åra. Men kva no? Kva står valet om i september?

FLORØ: Kjempar om ordførarklubba

Ola Teigen og Bengt Solheim Olsen
Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Både Ola Teigen (Ap) og Bengt Solheim Olsen (H) er sugne på ordførartittelen i Flora.

GAULAR: Vil gjere alt for å bli sittande her

Mathias Råheim
Foto: Eirik Hildal / NRK

Veteranpolitikaren Mathias Råheim og Høgre overraska alle med brakvalet for fire år sidan. Senterpartiet vil ha bastionen Gaular tilbake, men Råheim lovar kamp.

GLOPPEN: Blir ein av desse den neste og kanskje siste ordføraren i Gloppen

Leidulf Gloppestad, Svein Ottar Sandal og Anniken Rygg
Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Nordfjordalternativet veg tungt i Gloppen når det kjem til kommunesamanslåing, sjølv om mange gjerne vil halde fram som eigen kommune.

GULEN: Nevekamp om kommunegrensene

Hallvard Opedal og Ivar Eide bryt handbak
Foto: Bård Siem / NRK

Medan sitjande ordførar Hallvard Oppedal (Sp) ønskjer at Gulen held fram som eigen kommune, vil hovudutfordraren frå Høgre innlemme Gulen i ein større kommune.

HORNINDAL: Her kan det bli eigedomsskatt

Kvar er dette

Fylket sin dyraste kommune kan bli enno dyrare å bu i, dei komande fire åra. Ein mager pengesekk pressar fram spørsmål om eigedomsskatt i Hornindal.

HYLLESTAD: No gir han full guffe for politikken igjen

Harry Mowatt på veg i bil og i debatt i NRK-studio
Foto: Rune Fossum / NRK

Fire år etter at han vart vraka frå fylkespolitikken, er Harry Mowatt (Ap) tilbake i manesjen. No vil han gjere comeback som ordførar i Hyllestad.

HØYANGER: Ser ny optimisme - seks år etter

Petter Sortland og John Inge Skrede i lakkeringshallen til Saint Jean Wheels
Foto: Rune Fossum / NRK

Då felgprodusenten Fundo gjekk over ende, var det dramatisk for Høyanger. Først no – seks år seinare – er det lys i enden av tunnelen.

JØLSTER: Rottar seg saman mot Klakegg

Oddmund Klakegg
Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Dei siste 20 åra har Senterpartiet sete med makta, dei fire siste i samarbeid med Arbeidarpartiet. Men no har Arbeidarpartiet funne saman med Høgre og Venstre for å få bytt ut ordføraren.

LEIKANGER: Ingebjørg (90) vil ikkje høyre snakk om kommunesamanslåing

Ingebjørg Lystrup
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Innbyggjarane vil ikkje høyre snakk om kommunesamanslåing, men politikarane i Leikanger har delte meiningar før kommunevalet.

LUSTER: – Vi er vaksne nok til å stemme

VAL: Ungdomar frå Luster
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I Luster kan 16-åringar for andre gong vere med å påverke resultatet under kommunevalet.

LÆRDAL: Han utfordrar Solheim

Kåre Mentz Lysne
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vel halvanna år etter storbrannen er mykje tilbake til det normale i Lærdal. Og ved kommunevalet 14. september er det venta nok eit jamnt oppgjer mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet om ordførarvervet.

NAUSTDAL: Ny splid i Naustdal: Rive eller pusse opp?

Naustdal barne- og ungdomsskule
Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Naustdal kommune er allereie splitta i synet på sjødeponi i Førdefjorden. No har innbyggjarane fått ei ny betent sak – framtida til skulen.

SELJE: Mot siste val for Selje?

Selje i Sogn og Fjordane
Foto: Stig Silden

Politikarane i Selje trur det går mot siste val som sjølvstendig kommune.

SOGNDAL: Høgre: – Aarvoll (Ap) har vore lite raus

Jarle Aarvoll og Jesper Reppen Endestad
Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Feil, svarar Jarle Aarvoll (biletet). Ordføraren i storebrorkommunen i Sogn frir til Luster og vil gi oppgåver til kommunehuset i Gaupne i ein framtidig storkommune.

SOLUND: Berre 800 innbyggjarar, men avviser kommunesamanslåing

Gunn Mongstad
Foto: Bård Siem / NRK

Ein av dei minste kommunane i landet vil fortsette å vere blant dei minste, og ønskjer ikkje kommunesamanslåing. – Vi står best åleine, seier ordførarkandidat Gunn Mongstad (Sp)

STRYN: Han gjer heilomvending før valet

Per Kjøllesdal i traktoren i Utvik
Foto: Silje Guddal / NRK

Ein av veteranane i politikken i Stryn har ombestemt seg.

VIK: - Utan Vikafjellstunnel har vi det best åleine

Her skal tunnelen komme
Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Politikarane i Vik er slett ikkje sikre på kva kommune det er best å slå seg i hop med. Men at dei vil ha hol i Vikafjellet, dét er dei sikre på.

VÅGSØY: Skulekrangelen vil ingen ende ta

Vågsøy ungdomsskule
Foto: Asgeir Jens Heimdal Reksnes / NRK

Arbeidarpartiet utfordrar planane om ny ungdomsskule, medan Høgre lovar skulenedlegging. Valet er prega av full skulekrangel i Vågsøy.

ÅRDAL: Kor mykje taper Ap i Årdal?

Arild Ingar Lægreid
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Til vanleg er det einaste spenningsmomentet ved vala i Årdal kor nær Arbeidarpartiet kjem 80 prosent. I år reknar dei fleste med at partiet og ordførar Arild Ingar Lægreid kjem til å tape mange veljarar til andre parti.