Hopp til innhold

Dette meiner partia om sjukehusa

Når fylkestinget i ettermiddag skal gi si tilråding til Helse Førde si omstrukturering, ligg det fire ulike forslag på bordet. Truleg får ingen fleirtal.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Fylkesrådmann Jan Øhlchers rådde på førehand fylkesutvalet å tilrå fylkestinget å gjere følgjande tilråding:

Sogn og Fjordane fylkeskommune går inn for modell 1 i Helse Førde sitt høyringsdokument. Modellen inneber at sjukehusa Nordfjord og Lærdal vert gjort om til lokalmedisinske senter, og at fylkeskommunen oppmoda kommunane om å gå saman for å sikre sterke senter.

Alle mot alle

Dette er fellesframlegget frå opposisjonen. Får 16 røyster slik det ser ut.
Åtte medlemmer frå Ap vil stemme for fylkesrådmannen sitt forslag, mens tre Ap-medlemmer truleg kjem til å stemme imot alt.

Eit fellesframlegg frå opposisjonen (Frp, Høgre, Venstre og KrF) ligg an til å få 16 røyster. Eit forslag frå Senterpartiet får berre Sp sine røyster, mens eit fjerde forslag frå SV får berre røyster frå eige parti.

Dermed ser det ut til at fylkestinget ikkje kjem til å fatte noko fleirtalsuttale til Helse Førde.

Her er partia sine framlegg, som kjem i tillegg til fylkesråmannen si tilråing ovanfor:

SV:

Sogn og Fjordane fylkeskommunen ser det som avgjerande at det vert gjennomført tiltak for å effektivisere drifta av Helse Førde for å unngå at styringa av og innhaldet i helsetilbodet vert flytta ut av fylket.

Sogn Og Fjordane fylkeskommune har følgjande punkt som ein ber Helse Førde innarbeide i det komande strukturen for spesialisthelsetenesta og samhandling med kommunane (Samhandlingsreforma):

Ein modell med eitt sentralsjukehus og to lokalsjukehus.


Sogn og Fjordane treng eit sentralsjukehus for å:

  • Sikre eit likeverdig helsetilbod
  • Sikre rekruttering av medisinsk personale
  • Vere ein base for lokalsjukehusa
  • Oppretthalde sjukepleiehøgskulen
  • Lokalsjukehusa må som eit minimum ha
  • Indremedisinsk døgnavdeling med sengepost
  • Røntgen- og laboratorietenester

I tillegg til Helse Førde sin sengepost skal kommunane bli invitert med i å utvikle det døgnbaserte tilbodet ved desse lokalsjukehusa tenestene som ligg i dei lokalmedisinske sentra i Helse Førde sin modell 1. Omorganisering av lokalsjukehusfunksjonar må gjerast i nær dialog med kommunane når kommunane sine økonomiske rammer for samhandling er fastlagt.
Det bør vere høve til å desentralisere av spesialiserte tenester dersom dette er teneleg.

Det vil framover vere behov for helsetenester i sjiktet mellom kommunehelsetenesta og sentralsjukehustenester, spesielt knytt til eit aukande tal eldre med samansette lidingar og livstilssjukdommar. Desse gruppene vil trenge sjukehustenester og kan med fordel få eit tilbod innanfor det nye lokalsjukehuset.

Senterpartiet:

1. Fylkestinget konstaterer at Helse Førde har store utfordringar grunna økonomisk ubalanse.

Dei råmer som Stortinget har vedteke for helseføretaka, og det inntektssystemet som Stortinget samrøystes vedtok i 2009, er ikkje tilstrekkeleg for å vidareføra dagens struktur.

Sjølv om det er gjennomført større effektiviseringstiltak, så er det uråd å kome i balanse. Helse Førde er heller ikkje i stand til å fornye medisinsk / teknisk utstyr, i den grad som er nødvendig – og det er utfordringar med rekruttering av helsepersonell i helseføretaket.

Fylkestinget er på bakgrunn av dette positiv til at det er starta eit omfattande strategiarbeid.

Høyringsframlegget har framlegg om store endringar, og er bygt på fleire usikre faktorar. Før fylkestinget uttalar seg endeleg vil det derfor vere behov for avklaringar frå sentralt hald, og nærare utgreiingar frå helseføretaket.

2.Fylkestinget legg til grunn at det er behov for ei snarleg avklaring frå statlege myndigheiter på spørsmål om;

a) Korleis modellar i Helse Førde sin strategiplan vert oppfatta i lys av Soria Moria II / regjeringserklæringa? (jfr. signal frå Helseministeren på møte i Førde den 5. mars 2010).

b) Nasjonal helseplan sine føringar for spesialisthelsetenesta.

c) Korleis arbeidsdelinga og finansiering i samhandlingsreforma vert?

d) Dei økonomiske råmene for spesialisthelsetenesta og Helse Førde spesielt.

I påvente av desse avklaringane må Helse Førde sikrast ei tilstrekkeleg finansiering – evt. via ekstraordinære skjønsmidlar – slik at den økonomiske situasjonen ikkje vert svekka ytterlegare.

3. I vidare utgreiingar ber Fylkestinget Helse Førde innarbeide fylgjande punkt i sitt arbeid med den kommande strukturen for spesialisthelsetenesta og samhandling med kommunane i den nye samhandlingsreforma:

Ein modell med eitt sentralsjukehus og to lokalsjukehus.

Sogn og Fjordane treng eitt sentralsjukehus for å;

  • sikre eit likeverdig helsetilbod med landet elles.
  • sikre tilbodet som akuttsjukehus i fylket.
  • sikre rekruttering og utdanning av medisinsk personale.
  • som base for lokalsjukehusa.
  • oppretthalde sjukepleieutdanninga i Førde.

Lokalsjukehusa må som eit minimum ha;

  • indremedisinsk døgnavdeling med sengepost.
  • røntgen- og laboratorietenester.
  • i tillegg til Helse Førde sin sengepost skal kommunane bli invitert med i å utvikle det døgnbaserte tilbodet ved desse lokalsjukehusa.
  • tenestene som ligg i dei lokalmedisinske sentra i Helse Førde sin modell
  • Fylket må og ha eit fødetilbod knytt til lokalsjukehusa.
  • Fylkestinget føreset at ambulansetenesta vert vidareutvikla og styrka.
  • Omorganisering av lokalsjukehusfunksjonar må gjerast i nær dialog med kommunane når kommunane sine økonomiske råmer for samhandlingsreforma er fastlagt.
  • Det bør vere høve til å desentralisere spesialiserte tenester frå sentralsjukehuset dersom dette er tenleg.

Det vil framover vere behov for helsetenester i sjiktet mellom kommunehelsetenesta og sentralsjukehustenester, spesielt knytt til eit aukande tal eldre med samansette lidingar og livsstilsjukdommar. Desse gruppene vil trenge sjukehustenester, og kan med fordel få eit tilbod innanfor det nye lokalsjukehuset.

Slike lokalsjukehus, lokalsjukehus m/endra funksjonar, vil representere eit framtidsretta og viktig helsetilbod for innbyggarane i fylket.

Felles framlegg frå oposisjonen:

Framlegg frå Høgre, KRF, FrP og Venstre. Fylkesutvalet rår Fylkestinget til å gjere følgjande vedtak:

1. Fylkestinget kan ikkje godta at strategiplanen til Helse Førde vert basert på Samhandlingsreforma, som enno ikkje er vedteken av Stortinget. Det er framleis store ubesvarte spørsmål om innhald og gjennomføring av reforma. Det vert feil å gå til store endringar som byggjer på Samhandlingsreforma før ein kjenner til innhaldet og korleis finansieringsløysinga for reforma vert utforma.

2. Fylkestinget går inn for at det skal oppretthaldast eit sentralsjukehus i Førde og lokalsjukehus på Eid og i Lærdal. Fylkestinget godtek ikkje kutt i dagens tilbod ved Sentralsjukehuset. Ei ordning som svekker sentralsjukehuset og gjev tre lokalsjukehus i fylket er uakseptabel, både i forhold til tilbodet til pasientane og i forhold til utdanning / rekruttering av helsepersonell til kommunane og helsetenesta generelt.

3.Lokalmedisinske senter slik Helse Førde skisserer det i strategiplanen, er ikkje ei tilfredsstillande erstatning for lokalsjukehusa. Det er eit minimumskrav at lokalsjukehusa inneheld fødetilbod og akuttfunksjonar.

4. Fylkestinget er godt nøgd med at Helse Førde legg inn driftsmidlar til rusposten på Eid og opprettheld psykiatrien. Fagkompetansen knytta til ambulansetenesta skal byggjast vidare ut og tenesta skal vera fylkesdekkande.

5. Det er tydeleg at dei økonomiske rammevilkåra som ligg til grunn i dagens system, ikkje er tilfredsstillande for å levere eit godt nok helsetilbod til innbyggjarane i fylket, der tryggleik , kvalitet og nærleik til tenestene er avgjerande. Fylkestinget ber difor om at det vert tilført meir midlar til helseføretaket, slik at ein kan sikre eit desentralisert tilbod, med oppdatert medisinsk utstyr ved alle sjukehusa. Dette vil også være innanfor det regjeringa har lova i si regjeringserklæring