Hopp til innhold

Dette måtte politiet ordne opp i i natt

Det vart meldt om fyll og bråk fleire stadar i fylket natt til laurdag.

Her var det uro i natt

00.15: Ein mann i 40-åra vart arrestert i Florø, mistenkt for tjuveri frå ein bil. Mannen vart tidlegare fredag kveld mistenkt for å ha teke seg inn i eit hus.

01.00: Politiet fekk melding om bråk ved ein utestad i Førde sentrum. Ei kvinne i 20-åra vart pålagd å halde seg vekk frå sentrum resten av natta.

01.03: Ein mann i 40-åra vart køyrt heim med pålegg om å halde seg der etter at politiet fekk melding om ordensuro på ein utestad i Høyanger.

01.53: Ein rusa mann i 40-åra i Førde vart teken hand om og køyrd heim av politiet.

02.31: Politiet fekk melding om ordensuro på ein utestad i Stryn. Då politiet kom til staden, var bråkmakaren, ein mann i 20-åra, på veg vekk frå staden.

03.30: Ein mann i 50-åra vart meld for urinering på offentleg stad i Florø sentrum.

04.30: Politiet fekk melding om bråk mellom ein mann og ei kvinne på privat bustad. Då politiet kom til staden var alt roleg.