NRK Meny
Normal

Tenåring i arresten etter skadeverk

Etter ei natt i drukkenskapsarresten ventar avhøyr for ein mann i slutten av tenåra.

Politi

URO: Politiet har måtte teke hand om ein del rusa personar i løpet av natta.

Foto: Illustrasjonsfoto / Scanpix

Mannen vart pågripen i 04-tida i Aurland etter å ha gjort skadeverk og laga uro i Flåm sentrum.

– Han skal ha knust rute og gått rundt å ropt og skrike. Han er heimehøyrande i området, opplyser operasjonsleiar Nils Erik Eggen.

Ville inn i hus

Politiet har hatt litt av kvart å hanskast med i løpet av natt til søndag. Unødig å seie, rus er knytt til det aller meste.

Ikkje minst i hendinga like over klokka 07, der ein rusa mann måtte fjernast frå ein altan i Florø. Mannen hadde inga tilknyting til huset, men prøvde likevel å komme seg inn.

– Etter omstenda fann politiet å kunne køyre han til huset han eigentleg budde i, opplyser politiet på loggen sin.

Utagering i Nordfjord

Søndagen var berre ein halvtime gamal då politiet i Måløy rykte ut for å vise ein mann vekk frå ein utestad. Mannen i 30-åra hadde vore utagerande mot dørvaktene.

Tjue minuttar seinare observerte politiet i Vik at ein gut i tenåra drakk alkohol på offentleg stad. Han blir meldt.

Sov i sentrum

På Sandane har politiet fått ei valdssak på bordet etter at ein ungdom i slutten av tenåra slo til ein mann i 20-åra. Hendinga fann stad klokka 0049 og er loggført som lekamskrenking.

Nokre minuttar seinare kom politiet i Florø over ein mann i 50-åra. Han hadde lagt seg til for å sove ut rusen i sentrum av kystbyen, men fekk skyss heim av politiet.

Ukjend gjerningsmann

Tilbake i Sogn måtte politiet like over klokka 01 roe ned ein privatfest i Øvre Årdal. Fleire naboar klaga på støy frå festen.

I Sogndal er gjerningspersonen ukjend etter at ein mann i 20-åra vart utsett for vald ved ein utestad i sentrum. Klokka var då 0125.

Halvannan time seinare måtte politiet rykkje ut til Vassenden i Jølster der ein mann skapte uro i heimen. Vedkommande må sove ut rusen i arresten.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser