Hopp til innhold

Dette måtte politiet handtere i natt

Det har vore ei høvesvis roleg natt i Sogn og Fjordane, men politiet har likevel måtte handtere fleire tilfelle av bråk.

Den første meldinga tikka inn like før midnatt frå ein utestad i Hornindal der det oppstod basketak. Då politiet kom til staden var partane reiste.

I Førde rykte politiet ut etter melding om bråk og uro på ei privatadresse i sentrum. Festdeltakarane fekk pålegg frå patruljen om å roe seg ned.

Like over klokka 02 vart ein tenåring fråteken førarkortet etter å ha sladda gjennom ei rundkøyring i Florø. Guten hadde førarkortet på prøve.

Klokka 03 rykte patruljen i Førde på nytt ut til bråk i sentrum. Denne gong grunna eit slagsmål som oppstod i samband med ein drosjetur. Mistenkte, ein mann i 50-åra, fekk grei beskjed om å reise frå sentrum. Politiet opplyser at dei har oppretta sak på forholdet.