Hopp til innhold

Dette må til for at Førde skal nå Europa

FØRDE (NRK) Ein av Norges mest meritterte trenarar er klar på kva som skal til for at Førde volleyballklubb skal hevde seg ute i Europa.

Tore Aleksandersen i timeout for Førde

TRENAR: Tore Aleksandersen under ein pause i europacupkampen mot Azores onsdag.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Førde har kjempepotensial reint fysisk. Men laget taper på juniorfeil. Vi slår ut avgjerande ballar, gratisballar over nettet blir utnytta dårleg, og vi blir blokka ned.

Tore Aleksandersen har trent topplag i USA, Tyskland og Polen, samt det finske landslaget.

Den siste tida har han vore i Førde og gitt volleyballspelarane tips om korleis dei betre kan lese og forstå spelet, og korleis dei kan ta rette val i stressa situasjonar.

– Laget er rett og slett ikkje kynisk eller roleg nok til å utnytte sjansane. Så laget må lære seg å spele spelet teknisk og taktisk på eit høgare nivå, seier Aleksandersen.

Trene meir

Han tykkjer nivået spelarane viste i kampen mot det portugisiske laget, var bra.

– Vi må vi sørge for at vi held eit slikt nivå i kvar kamp, uansett om det er eit lag i norsk andredivisjon eller i europacupen vi møter. Det er stabiliteten som er avgjerande. Det er den som avgjer om du tek steget opp, seier Aleksandersen.

– Så kva må Førde gjere for å hevde seg på høgt nivå i Europa, og bli der?

– Laget må trene dobbelt av kva dei gjer i dag. Og så er det noko med å lære spelet på dette nivået. Det portugisiske laget var OK. Men det er ikkje noko godt lag internasjonalt.

– Trur du Førde kjem på dette nivået?

– Det er berre eit spørsmål om dei vil. Dei må trene meir, og det må meir pengar til. Og så må det forsterkningar inn i laget – ein eller to utanlandske spelarar som er proffspelarar – og i apparatet rundt. I Polen hadde eg til dømes åtte personar som møtte på jobb kvar dag i tillegg til laget, seier Aleksandersen.

Treng erfaring

Volleyballstjerna Mathias Loftesnes er samd.

Mathias Loftesnes

PROFF: Det er snakk om å skaffe seg erfaring, meiner Mathias Loftesnes.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi må trene mykje, og spele på det nivået vi spelte i dag mot Azores, seier Loftesnes, som har fleire år bak seg som proffspelar i utlandet.

– Korleis vurderar du spelarane i Førde?

– Nivåmessig er vi ikkje langt unna Europa. Det ser vi dag mot Azores. Det er berre snakk om erfaring. Erfaring var den skilnaden eg merka då eg spelte i utlandet.

– Til dømes hadde portugisarane harde servar i dag. Det er noko vi ikkje har opplevd tidlegare. Og jo meir vi opplever slikt, jo meir utviklar vi oss, seier Loftesnes.