NRK Meny
Normal

«Vaksne barn» som er med foreldra på ferietur kan få millionsmell

Trur du alle i familien er dekka av den same, reiseforsikringa så lenge ein bur under same tak? Det er feil, seier forsikringsselskapa.

Palma's beach

KOSTBART: Skal du som familie på tur og ha med eit barn som er over 20 år med? Då kan du få ei ubehageleg overrasking om ikkje den unge vaksne har eiga reiseforsikring. Her frå Palma beach på Mallorca.

Foto: Jaime Reina / AFP

Heidi Tofterå Slettemoen, kommunikasjonssjef Frende forsikring

UNGE MELDER SKADER: Over halvparten av reiseskadar som vert meldt til forsikringsselskapa, vert levert av personar under 30 år. Det seier Heidi Tofterå Slettemoen, kommunikasjonssjef i Frende forsikring.

Foto: Frende forsikring

– Vi merkar ei stor oppgang i salet av forsikringar no om dagen. Det er mange som kjøper forsikring i siste liten, rett før dei skal på tur, men så lenge det er gjort før avreise så er ein dekka, seier Heidi Tofterå Slettemoen, kommunikasjonssjef i Frende forsikring.

57 prosent seier at dei skal feriere i utlandet i sommarmånadane. Dei mest populære reisedestinasjonane for nordmenn i utlandet denne sommaren er Kreta, Mallorca, Rhodos, Split og Kypros. I gjennomsnitt planlegg reisande å bruke 40.200 kroner på ferie i år, mot 39.400 kroner på same tidspunkt i 2016. Det kjem fram i Virkes befolkningsundersøking, Reisepuls.

Årleg vert 100.000 nordmenn sjuk på reise og forsikringsselskapa betalar ut ein milliard årleg i erstatning.

Kan koste millionar

For «barn» som er med på ferie med foreldra etter fylte 22 år er ikkje dekka av reiseforsikringa til foreldra hjå Tryg og Frende. Dei må ha sin eigen, og aldersgrensa varierer frå selskap til selskap.

For Storebrand og Gjensidige gjeldt forsikringa for «barn» under 20 år, medan aldersgrensa er 21 år hjå IF.

Arvid Steen i Tryg Trafikk

TA PRATEN: – I dag bur mange studentar heime hos mor og far til dei er godt opp i tjueåra. Då er det lett å tru at alle i familien er dekka av same reiseforsikring, seier Arvid Steen, pressekontakt i Tryg Forsikring.

Foto: Pressefoto

– I sommarmånadane får vi telefonar frå fortvilte personar som trudde at deira 22 år gamle son var dekka av reiseforsikringa på ferie. «Vårt vaksne barn» bur jo saman med oss», får vi ofte høyre, når dei ringer frå sjukehuset, eller flyplassen kor all bagasjen er borte. Men her må ein vera obs. Ei reiseforsikring dekker barn opp til dei er 21 år. Så må dei bestilla si eiga forsikring, seier pressekontakt Arvid Steen i Tryg Forsikring.

  • Kvar enkelt bør sjekka sitt forsikringsselskap før dei reiser på ferie.

I dag bur fleire unge i tjueåra heime hjå foreldra grunna studiar og reiser med dei på ferie. Over halvparten av reiseskadane som vert meld til forsikringsselskapa er av personar under 30 år.

Og om ein vert akutt sjuk i utlandet og ikkje har reiserekninga i orden kan det kosta millionar. Er ikkje forsikringa i orden fell rekninga på deg som privatperson.

– Derfor er det viktig at alle foreldre som bur under same tak som sine «vaksne barn» tar ein prat om reiseforsikring, før ein pakker koffert, ransel og bag og reiser seg ut i verda, seier pressekontakt Arvid Steen i Tryg Forsikring.

Og om du som ungdom tenker at «reiseforsikring, det treng eg jo ikkje», så er svaret frå Tofterå Slettemoen i Frende forsikring dette:

– Reiseforsikringa gjeldt på alle turar heile året, så snart du har reist frå heimen. Om det er på bussen eller på skitur, så vert ein dekka, seier ho.

Les også: Mange unge prioriterer ikke innboforsikring

Playa del Matorral, Canary Island Fuerteventura, Spain. Photo taken at 31th of May 2009

DYRT: Om du vert sjuk under ferie på til dømes Kanariøyene kan det bli veldig dyrt. Om ein treng heimtransport som følgje av sjukdom kan det koste millionar.