Hopp til innhold

Dette løpet er ikkje for pyser

Skal du hevde deg i toppen på fjelløpet Hornindal Rundt må du jogge heile tida. Også medan du får i deg mat og drikke.

Kristoffer Normark frå Iksu Multisport var best Hornindal Rundt 2013

VANN: Kristoffer Normark frå svenske Iksu Multisport var best Hornindal Rundt 2013.

Foto: Hornindal Rundt

– Her snakkar vi om personar som er veldig godt trente. Dei joggar oppover, dei joggar nedover og dei joggar medan dei et. Dei er omtrent i joggetempo til ei kvar tid.

Det fortel mediesjef Svein Otto Espe i Hornindal Rundt om dei tøffe deltakarane som hevdar seg heilt i toppen i det som blir kalla Norges tøffaste fjelløp.

75 kilometer og 5600 høgdemeter opp, ned og opp igjen i fjella rundt Hornindal er dei harde realitetane.

– Dette er alt anna enn nokre rundar rundt huset, seier han.

Dobbelt så mange som i fjor

Historia bak det spesielle fjelløpet stammar frå nokre tøffe honndøler som ville prøve å ta alle trimpostane i fjella rundt Hornindal på berre eitt døgn. Det klarte dei og etter kvart var det fleire og fleire som prøvde seg på dette.

Då byrja ein leike seg med ideen om å lage eit løp ut av det heile og dermed vart Hornindal Rundt til.

– Ein skal besøke alle trimpostane i Hornindal på eitt løp, på tid, så raskt som mogleg, seier Espe.

Og løpet er ikkje for pyser. 75 kilometer, innom 20 postar og 5600 høgdemeter totalt er ikkje noko for alle. Men då løpet gjekk av stabelen laurdag var det med ein formidabel auke i deltakartalet.

– Vi har hatt ei dobling av talet påmelde frå 2012 til 2013, og det er veldig, veldig kjekt, seier Espe som fortel at dei hadde vel 100 som stilte til start til 75-kilometeren.

– Vi har fått veldig mange positive tilbakemeldingar og håpar at tala skal halde fram å vekse, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Startskotet har nettopp gått for fjelløpet Hornindal Rundt 2013

DOBBELT SÅ MANGE: Vel 100 personar stilte til start i den lengste utgåve av Hornindal Rundt laurdag. Det er dobbelt så mange som i fjor.

Foto: Hornindal Rundt

– Heilt ekstremt

Det er utøvarar frå både inn og utland som stiller til start, og dei fleste har timevis med trening i beina.

– For heile løpet snakkar vi om ei lengde og ei utfordring der det trengst litt meir enn det som ein må ha til ein vanleg fjelltur etter arbeidstid, seier Espe.

Bestemann i herreklassen i år kom i mål etter ti timar og 48 minutt og heiter Kristoffer Normark. Prestasjonen til svensken er heilt rå, seier Espe.

– Det er heilt ekstremt. Det er veldig imponerande med ei slik tid på ei slik avstand, seier han.

For å greie ei slik tid kan ein ikkje stoppe for å ta ein pust i bakken. Her handlar det om å gå på, heile tida. Til og med når ein skal ha i seg ein liten matbit.

– Etter det vi har fått vite så et dei medan pulsen er lav. Dei et aldri på veg oppover, men når dei joggar i nedoverbakke eller på flatmark. Då er pulsen roleg og dei kan ta i seg næring, seier Espe.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristoffer Normark på Kirkhornsætra i Hornindal Rundt

JOGGE: Skal ein kome seg rundt den 75 kilometer lange løypa til bestetid må ein både ete og drikke i fart.

Foto: Hornindal Rundt

15-åring imponerte stort

Men det finst eit alternativ for dei som ikkje er fullt så spreke. Det halve løpet er på 38 kilometer.

– Her er det heilt ordinære fjellfolk som går på normale fjellturar som kan ta seg ein fjelltur og kose seg. Dei brukar tida, har med seg niste og går det som ein fin tur som er litt lengre enn ein normal tur, seier Espe.

I denne versjonen av Hornindal Rundt var det to lokale utøvarar som imponerte. Rasmus Haugen frå Hornindal er berre 15 år med knuste til med ei vinnartid på 4:48:12.

– Gå i fjellet sjølv, så kan ein snakke om det

Rasmus Haugen var vinnaren av Hornindal Rundt, 38 kilometeren

VANN: Rasmus Haugen (15) frå Hornindal imponerte stort og vann det 38 kilometer lange løpet i Hornindal Rundt.

Foto: Hornindal Rundt

– Det er så imponerande at eg trur folk har vanskeleg med å forstå det. Ein 15-åring som eigentleg ikkje skal vere ferdig utvikla, og som spring den distansen på den tida. Det er heilt, heilt rått, seier Espe oppglødd.

– Eg oppmodar alle som er interessert i å gå i fjellet om å ta turen, sjå på klokka og så kan ein prate etterpå om kor imponert ein er, seier han.

I dameklassa flytta Caroline Holsen Kyte sin eigen rekord i 38-kilometer løpet. Ho gjekk i mål med tida 5:10:45.

– Det er ein framifrå prestasjon, seier Espe.

Prøve-NM

Årets Hornindal Rundt på 75 kilometer ultrafjelløp er det aller første NM i denne greina. Dette går som eit prøve-NM, og det første offisielle Norgesmeisterskapet blir arrangert først i 2015.

Men det vart likevel kåra noregsmeistrar i går, og dei som stakk av dei titlane var Knut Christophersen med tida 11:54:36 og i dameklassen Ninette Banoun med tida 18:11:00.
Espe legg ikkje skjul på at det var stas å bli valt ut som arrangør for prøve-NM.

– Eit NM i eit slikt løp har aldri blitt halde i Norge før. Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar på gjennomføringa, både av løparar som er anerkjende i Norge og i utlandet, seier Espe.

No håpar han at dei har lagt inn ein god søknad i forhold til å få arrangere eit offisielt NM, kanskje også det første i 2015.

– Vi håpar iallfall det. Vi er i typen tøff kategori, og for dei som spring maraton på asfalt, så er dette noko heilt anna. Vi håpar vi skal vere med på lista når den endelege arrangøren skal veljast til 2015, seier han.

Karoline Holsen Kyte på Kirkhornsætra

BEST: Karoline Holsen Kyte frå Førde IL var beste kvinne i det halve løpet på 38 kilometer.

Foto: Hornindal Rundt
Dei sistei mål på Hornindal Rundt

KOM I MÅL: Dei tre siste kom i mål samla søndags morgon kl 11.10 etter 25 timar 50 min og 49 sekund i fjellheimen.

Foto: Hornindal Rundt