Hopp til innhold

Kan Olsson smile etter kampen?

800 elleville Sogndal-supporterar er klare til å sjå laget sitt knuse Brann i Bergen i kveld. Men så må klokka tikke seg mot 22 før ein veit om det er det som skjer.

Jonas Olsson

KAN HAN SMILE I KVELD? Dersom Sogndal reiser frå 'byn' med poeng blir det truleg fleire enn trenar Olsson som smiler breitt.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det ser ut til å bli smekkfullt på Brann stadion onsdag kveld når heimelaget tek i mot laget frå saftbygda i den 9. runden i serien. Er du ikkje på stadion kan du få med deg det som skjer på NRK.no.

Etter ein svært god start på sesongen har det ikkje gått heilt vegen for Sogndal i det siste. Med tap mot både Strømsgodset og Viking har sogningane ramla nedover på tabellen, men klokka 20 i kveld har dei sjansen til å klatre seg mot toppen igjen.

Ser ein på statistikken er det derimot langt frå sikkert om Sogndal kan reise heim med poeng. Ifølgje BA er det nemleg svært så sjeldan at Brann taper når dei spelar kamp 16. mai. Dei siste ni sesongane har Brann anten vunne eller spelt uavgjort.

Om det blir Sogndal som snur den statistikken gjenstår og sjå. Trenar Jonas Olsson har plukka ut elleve mann som skal vise kva dei er gode for. Desse er:

Kenneth Udjus – Eirik Skaasheim, Gustav Valsvik, Hannu Patronen, Taijo Teniste – Tonny Brochmann, Henrik Furebotn, Stèphane Badji, Ørjan Hopen – Malick Mane, Ulrik Flo.

På benken er: Leif Lysne, Eirik Bakke, Tore André Flo, Elvis, Ruben Holsæter, Espen Næss Lund og Stian Dyngeland.