Hopp til innhold

Dette nybygde kraftverket er nesten bortkasta

RÅSDALEN (NRK) Utbygginga av 400 småkraftverk er lagt på is fordi nettkapasiteten er for dårleg. For nybygde Nivla kraftverk er utbygginga nesten bortkasta fordi trafoen er for liten. Ny trafo blir heller ikkje bygd.

 Nivla kraftverk

LITEN VITS: Kraftproduksjonen i Stuvane kraftverk blir redusert for å få straumen frå nybygde Nivla kraftverk (bildet) ut på nettet. Grunnen er at trafoen som skal transformere krafta vidare ikkje er stor nok. Det er heller ikkje samfunnsøkonomisk lønsamt å bygge ny, ifølge Statnett.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

I Norge er det i dag 400 småkraftverk med konsesjon som ikkje blir bygd ut. Årsaka er låge straumprisar, men nesten like viktig er manglande kapasitet på trafoar og leidningsnett, ifylgje Småkraftforeninga.

– Vi fyrer for kråkene. Dette er eit kjempeproblem, seier dagleg leiar Knut Olav Tveit.

Eit grelt eksempel finn vi i indre Sogn. I juni vart Nivla kraftverk i Lærdal sett i drift. Det kosta cirka 60 millionar kroner og skal få ein årsproduksjon på 12 GWh. Eigarane er Østfold Energi og grunneigarane.

Straumen som blir produsert her blir sendt ut på nettet. Men fordi trafokapasiteten ved Borgund kraftverk ikkje er stor nok, må produksjonen reduserast i eit anna kraftverk. Over tid har Stuvane kraftverk på Ljøsne vore nøydd til å sleppe vatn forbi og redusere drifta.

Dermed har inngrepa i naturen og bruken av millionar av kroner vore nær fånyttes. Det kjem ikkje meir straum på marknaden sjølv om Nivla er bygd.

Stuvane kraftverk

REDUSERT: Ein turbin i Stuvane kraftverk har til tider gått på redusert drift.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Legg vekk planar

Statnett hadde planar om å bygge ny trafo i Borgund. Men direktør Tor Inge Akselsen seier planane er lagt på vent fordi utbygginga ikkje løner seg.

– Det er uklart kor mykje ny kraft som blir bygd ut i området, og dermed uklart om bygginga av ny transformatorstasjon vil bli samfunnsøkonomisk lønsam, noko som er eit krav frå styresmaktene, seier Akselsen.

– Vi treng 40–50 megawatt meir enn kva som blir produsert i dag, seier direktøren.

Men for kraftverkseigarane er det uansett lønsamt. Med godkjent kraftverk får dei betalt for produksjonen. Også Stuvane kraftverk, som må sleppe vatn forbi, tenar pengane sine.

Regelverket er nemleg slik at Statnett betalar kompensasjon for krafta som ikkje blir produsert i Stuvane. Dette er kostnader som til slutt blir dekka inn via nettleiga som forbrukarane må betale.

Trafostasjon 4 (T4) Borgund kraftverk

TRAFO: Denne trafoen ved Borgund kraftverk er blitt for liten.

Foto: Odd Helge Brugrand
Burde venta

Dette er også grunnen til at utbyggar Østfold Energi bygde ut sjølv om den totale kraftmengda ikkje aukar.

– Vi var klar over begrensa trafokapasitet. Men vi valde likevel å bygge ut, seier direktør for vasskraft, Morten Karlsen.

– Kvifor gjorde de det?

– Bedriftsøkonomiske omsyn låg bak. På kort sikt er det synd at krafta ikkje kjem ut. Men dette er langsiktige investeringar og krafta vil kome på sikt. At me har for mykje fornybar energi ein periode får me leve med, meiner Karlsen.

Direktør Akselsen konstaterer at småkraftverk som Nivla og Eldrevatn i Lærdal vart bygd ut før utbyggar var sikker på at trafokapasiteten blei betre.

– Det er ikkje det normale at ein bygger ut småkraft før ein har koordinert med oss. Dei risikerer å stå ferdig lang tid i førevegen og få problem med å levere krafta.

Tor Inge Akselsen

STATNETT: Direktør Tor Inge Akselsen.

Foto: Statnett

Heile landet

Ei kartlegging gjort av NVE i 2014 viste at heile 71 av 210 kraftverk med konsesjon var sett på vent fordi nettet ikkje var utbygd. Verst var det i Sogn og Fjordane. Her var 28 kraftverk skrinlagde eller sett på vent. Dette vil no betre seg når den nye 420 kV-lina Sogndal-Ørskog står ferdig.

Olav Hauso har eit småkraftverk i den delen av Stranda kommune i Møre og Romsdal som må sende straumen sørover til Sogn og Fjordane. Men linjene og trafostasjonen i Hornindal har for liten kapasitet. Og ny trafo er i det blå.

– Av det vi leverer må vi betale 30 prosent i tap. I tillegg får vi ikkje levert det vi kunne ha levert, seier Hauso.

På grunn av ferie har det ikkje lukkast NRK å få ansvarshavande i NVE til å svare på kvifor dei gjev konsesjon til småkraftverk før overføringskapasiteten er sikra.