Hopp til innhold

Dette kosta yrkessjåføren 9.000 kroner

Under ei nedbremsing på Ålfotfjellet mista finnen 50 tønner fisk frå semitralla. Det kosta han 9.000 kroner.

Fisketønner ramla av lastebil

MISTA LAST: 50 tønner med fisk ramla i vegbana då finnen bremsa opp på veg over Ålfotfjellet.

Foto: Politiet

Lastebilen var på veg over Ålfotfjellet med tønner innehaldande fisk då uhellet skjedde ved Langevatn i 19-tida måndag 27. oktober.

Etter ei kraftig nedbremsing låg 50 tønner strødd utover fylkesveg 614.

Fisketønnene var ikkje sikra

USIKRA: Lasta var ikkje sikra på turen over Ålfotfjellet.

Foto: Politiet

– Tønnene var stabla usikra frå vegg til vegg, seier politiadvokat Jørn Lasse Refsens.

Mannen vart mellombels fråteken førarkortet etter uhellet. No er det klart at han aksepterer at han ikkje får køyre på norske vegar før over nyttår. Han har også godteke førelegget på 9.000 kroner.