Hopp til innhold

Dette kjemperaset er godt nytt for påsketuristane

Frå verandaen sin har Jon Skåre i Stryn orkesterplass til sprengingane av Napefonna, som vert gjort for å trygge bilistane på riksveg 15.

Fredag sprengde Vegvesenet Napefonna ved rv 15 i Stryn.

KREFTER: Røykskya kom heilt ned til huset til Jon Skåre etter sprenginga av Napefonna. Foto: Jon Skåre

– Ho var stor i dag, kanskje ei av dei største eg har sett, seier Skåre, som har festa fleire av sprengingane på film.

Skåre bur på Skåre like ved stigninga opp mot Strynefjellet. Frå verandaen ser han rett på Napefonna, og følgjer nøye med på korleis fonna veks i løpet av vinteren.

Nipefonna er ei av fonnene som kan vere farleg for bilistane som ferdast på vegen under. Då fonna gjekk av seg sjølv på 1960-talet, gjorde raset stor skade, og skadepotensialet var stort for bilistar som ferdast på riksveg 15 over Strynefjellet.

Legg ut fem dynamittladningar om hausten

For å fjerne noko av rasfaren, har ein i lengre tid lagt ut sprengladningar i fjellsida på hausten, før snøen kjem. Dermed kan ein detonere desse når ein ser at snøen samlar seg farleg mykje opp.

– Vi legg ut fem dynamittladningar på hausten. Desse vert lagde ut med helikopter og plasserte på forskjellige stadar, slik at ein har valmoglegheiter alt etter kor snøen samlar seg, seier Birger Skåre, brøytebilsjåfør i E. Opedal & Sønner.

Tidlegare i vinter har dei fyrt av to dynamittsalver, og klokka 12.00 fredag vart den tredje detonert.

– Vi held eit auga med kor det ligg mest snø. Og så fyrer vi av den salva som vi trur vil få størst effekt, seier Birger Skåre.

Løyser ut dynamitten med eit tastetrykk

Vegen vert stengd, slik at sprenginga ikkje er til fare for dei vegfarande. Og så vert ladninga utløyst. Frå ei datamaskin på Nordfjordeid.

– Alt vert styrt derifrå. Vi gir beskjed om at alt er trygt og at vegen er stengd. Så løyser dei ut dynamitten, seier Skåre.

Han vil karakterisere fonna som i dag kom ned som ganske stor.

– Men det kjem sjølvsagt an på kva ein samanliknar ho med. Viss ein tenkjer på det som kom ned på 1960-talet, så vert ikkje dette så stort. Men det var bra røyk av ho i dag, ja, seier Birger Skåre.

Dermed er alt klappa og klart for påsketuristane som skal nytte seg av riksveg 15 over Strynefjellet.

– No skal det vere bra, ja, seier Birger Skåre.